NRK Meny
Normal

Slik skal dei evakuere Aurland om fjellet rasar

Tre og fire meter høge bølgjer kan skylje inn over Aurland og Flåm om Joasetbergi rasar i fjorden. No legg kommunen og politiet planar for dramaet som kan kome.

Lars Harald Blikra

OVERVAKAR: Geolog Lars Harald Blikra over fjellområdet «Stampa» i oktober 2016.

Foto: HANS-OLAV LANDSVERK / NRK

Dei nyaste anslaga viser at opptil 400 000 kubikk stein kan rase ut i Aurlandsfjorden.

Fjellpartiet vert kontinuerleg overvaka av NVE, samstundes som politiet og Aurland kommune jobbar med varslingsplanar og evakueringsplanar.

Det skriv bygdebladet «Aurlendingen».

Har 72 timar på seg

I planane vert det lagt opp til at innbyggarane i Flåm og Aurland skal varslast 72 timar før eit eventuelt skred løyser seg ut, slik at eigedomane kan sikrast best mogleg.

I Aurland vil områda nær sjøen ved Onstad, Odden, delar av Vangen og nedsida av fylkesvegen ut mot badelaguna, ligge i fare for å ta imot opp til tre meter høge bølger.

I Flåm vil eit område inn mot Viki og badestranda på motsett side ta imot opp til fire meter høge bølger. Mot kaiane og delar av A-feltet vil bølgene nå ei høgde på opp mot 3,5 meter.

Vassmengdene kan føre til skader på infrastruktur og på gjenstandar som ikkje er fjerna i desse områda.

– Evakueringsplanen vil nok femne breiare enn sjølve flaumsona fordi politiet vil vere på den sikre sida, seier spesialkonsulent i Aurland kommune, Bjørn Sture Rosenvold, til «Aurlendingen».

Flo og fjøre vil påverke bølgehøgdene, og oppskyllinga innover land vil bli redusert jo lenger inn på land dei kjem, ifølge bygdebladet.

Turistar i Flåm

FLÅM: Idyllisk, vakker og turistmagnet. Men ras trugar i fjellet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Råkar aust vest-sambandet

Joasetbergi er ein del av det ustabile fjellpartiet «Stampa» i Aurland. Det ligg 800 meter oppe i fjellsida aust for Flåm, inst i Aurlandsfjorden.

Joasetbergi er ei frittståande fjellblokk som har glidd 10–20 meter ut frå brattkanten av «Stampa», ifølge NVE. Bakkebasert radar og GPS har vist at blokka flyttar seg i underkant av éin centimeter i året.

Sjølve Joasetbergi er på 280 000 kubikkmeter, men fjellblokka vil, når den rasar, kunne ta med seg ytterlegare 220 000 kubikkmeter masse på vegen mot fjorden, trur NVE.

Når alarmen går vil det få nasjonale konsekvensar. E16 mellom Bergen og Oslo går gjennom Aurland, og stamvegen må stengast på to stadar; austsida av Onstadtunnelen og ved påkøyringa innafor Otnes, ifølge bygdebladet «Aurlendingen».

Trugsmålet frå Joasetbergi har i ein periode ført til bygge- og deleforbod sentralt i Flåm.

Vegopning på Bergum i Førde kommune