Hopp til innhold

Slik skal dei etablera seg i toppfotballen

SOGNDAL (NRK): Laurdag spelar nyopprykte Kaupanger sesongens første kamp. Å få spelarane til å bli lenge nok er den tilbakevendande utfordringa for klubben, som ønskjer å etablera seg i 1. divisjon.

Kaupanger sitt damelag i fotball

RETT FØR: Kaupangerdamene samla til nest siste trening før serieopninga på laurdag. Torsdagane byter dei ut bana på Kaupanger med Fosshaugane Campus i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me må takla den nye utfordringa at me er «underdogs» i nokre av kampane, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

Øystein Lindesteg Ringe

TRENAREN: Øystein Lindesteg Rinde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kaupanger sitt damelag i fotball har det siste tiåret stort sett heldt seg i toppsjiktet i 2. divisjon, utanom to sesongar i 1. divisjon i 2013 og 2014. Det sportslege målet er å etablera seg blant dei nest beste.

Men godt kjende, og likevel vanskelege utfordringar, står mellom dei og det å bli verande i toppfotballen.

Halda på spelarane

Ein av dei store utfordringane til Kaupanger er å halda på spelarane over fleire år. Om sommaren, når eit nytt skuleår startar, har det opp gjennom åra vore mange som har flytta til storbyane for å kombinera studiar med fotball. Å få folk til å bli verande er ein av nøklane til å bli verande i 1. divisjon.

– Det er ikkje lukrativt å spela i 1. divisjon. Folk prioriterer ofte utdanning. Eg håpar dei fleste blir ut sesongen, og ser at Kaupanger er ein god utviklingsarena. Dei som er gode nok for Toppserien forsvinn uansett på eit eller anna tidspunkt, men eg håpar dei fleste blir her ut sesongen, seier Lindesteg Rinde.

Silje Torvanger

KAPTEINEN: Silje Torvanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me må halda fram å ha trykket oppe på trening og i kamp, slik at me held oss i 1. divisjon. Det er slik me klarer å halda på spelarane; at me ligg på eit høgt nivå, seier kaptein Silje Torvanger, som blant anna har spelt for Sandviken i Toppserien.

Same budsjett som i fjor

Ein annan faktor er økonomi og drift. Som så mange andre klubbar i fylket, er det dugnaden som held det gåande.

– Me er ein dugnadsklubb, så økonomien er kanskje den største utfordringa. Sjølv om me rykka opp, er budsjettet vårt det same som i fjor, seier Trine Lerum Hjellhaug, leiar i Kaupanger fotball.

I 1. divisjon er det klubbar frå heile landet, så det blir nokre timar i buss for spelarar og støtteapparat i månadane som kjem. Men no får dei også reisestøtte frå fotballforbundet.

Kaupanger jublar for opprykk til 1. divisjon.

JUBLA I FJOR: Kaupangerdamene jubla for opprykk i fjor haust. I år ventar langt tøffare motstand.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– I år tek me fly til nokre av kampane. Så reisetida blir kanskje mindre, sjølv om avstandane er større enn før, seier Lindesteg Rinde.

Opnar mot Fart

Laurdag spelar dei første seriekamp for sesongen, heime mot hamarlaget Fart.

– 1. divisjon er tøffare duellar og raskare spel enn 2. divisjon. Det er mange lag som satsar på å rykka opp til Toppserien, så me møter tøff motstand i år. Men me skal bita godt frå oss, seier Torvanger.