Hopp til innhold

Slik skal dei bli kvitt sitkagrana

Sitka-grana truar med å ta over alt som veks fleire stader. No skal ein dugnadsgjeng gå laus på grana som har overteke øya Silda.

Dugnad på Silda

DUGNAD: Ein heil gjeng har denne helga vore i aksjon på Silda for å få vekk pøbelgrana.

Foto: privat

– Det er få som likar sitkagrana. Ho stikk, lagar tette teppe og du kan ikkje lenger gå tur der denne grana har teke over, seier Martin Søgnen.

Han studerer til vanleg landskapsplanlegging og er ein av initiativtakarane til «Pøbelgrandugnad på Silda». I løpet av helga har dei fått felt 40 store tre, og ei mengde småtre. Totalt reknar dei med å ha rydda kring 2000 kvadratmeter med fullvaksen skog. I tillegg blei eit større område med mindre tre rydda.

– Det er først og fremst for å hjelpe Noreg å ta vare på naturen. Kystlynghei er den mest truga naturtypen i verda og det er berre nokre få stader denne finns, mellom anna i Noreg. Men her held han også på å forsvinne mykje på grunn av attgroing, gjerne frå sitkagran, seier Søgnen.

I aksjon på Silda

RYDDAR: Martin Søgnen (til venstre) er mannen som leiar aksjonen.

Foto: privat

Heilt gjengrodd

Sitkagrana vart planta for harde livet på midten av 1900-talet. Men no er treet svartelista og blir sett på som ein trussel mot biologisk mangfald. Mange stadar har denne grana teke over for mange andre vekstar.

– Ho er frå vestkysten av Amerika og har veldig gode kår for å klare seg på kysten av Noreg. Det er difor ho veks til og blir eit problem, seier han.

Difor ønskjer gjengen i pøbelgran-dugnaden å gjere noko med dette.

– Øya Silda er framleis kjempefin, men den er ikkje slik den var. For 40–50 år sidan var det god utsikt, og det var fint å gå turar. No er det heilt tilgrodd på kjernen av øya.

I løpet av to dugnadar i sommar, to-tre til hausten og det same til vinteren, håper dei å få vekk mest mogleg.

Pøbelgran på bålet

BRENN OPP: Grana går opp i røyk etter kvart som dei ryddar.

Foto: privat

Planta i mangel på brensel

Landbruksdirektør Christian Rekkedal i Sogn og Fjordane seier det er delte meiningar om grana.

– Ho er utanlandsk og må ikkje blandast saman med den vanlege norske grana. Av det som har vore planta i Sogn og Fjordane, utgjer sitkagrana om lag 10 prosent.

Han fortel at før krigen, var det lite brensel på øyane.

– Dei brukte torv som dei skar ut i myra. Dette blei tørka og deretter brukt til brensel for å lage mat og for å få varme. Men alle som har vore med å brenne torv, veit kor surt det luktar. Då kan vi tenkje oss kvifor dei ville ha tre på øyane.

Difor meiner Rekkedal at det no er uproblematisk at folk vil fjerne sitkagrana enkelte stader i dag.

I aksjon på Silda

OPE LANDSKAP: Målet er å utrydde siktgrana på Silda. Aksjonsgruppa vil ha tilbake det ope landskapet på øya.

Foto: privat

Kan bli forbod

No har landbruksdirektoratet og miljødirektoratet fått i oppdrag å finne ut om det skal bli eit forbod mot å plante ny sitkagran.

– I dag må det søkjast om løyve, nettopp fordi det er eit utanlandsk treslag. No er neste steg å vurdere om ein skal forby å plante sitkagrana, seier Rekkedal.

Silda