Hopp til innhold

Slik skaffa Simon seg læreplass

SANDANE (NRK): Over heile landet står mange ungdommar utan læreplass. Her er råda frå dei som har kome seg ut i lære, og dei som tek lærlingar inn i varmen.

Simon Kvile

SIKKER I SIN SAK: – Kast deg ut i det, er resepsjonistlærling Simon Kvile sitt råd til elevar utan læreplass. Etter å ha vore utplassert på hotellet, overtydde han hotellsjefen om å satse på han som lærling.

Foto: Silje Guddal / NRK

Simon Kvile sitt smil er noko av det første gjestane ved Gloppen Hotell møter. 20-åringen har vore i lære som resepsjonist i litt over eitt år. Latteren sit laust, han likar jobben.

– Eg er blitt sikrare på at det er resepsjonist eg vil bli.

Kvile er glad han sikra seg læreplass i fjor. Noko anna hadde vore tungt, seier han.

– Eg var veldig skulelei og ville berre kome meg ut i arbeidslivet. Så viss eg ikkje hadde fått læreplass her, så veit eg ikkje heilt kva eg hadde funne på, seier Kvile.

Eit viktig jobbintervju

Over heile landet jobbar no ungdom med å få seg ein læreplass for å gå vidare på fagutdanninga si. I Sogn og Fjordane er det 76 elevar som står utan læreplass. Det er i bil- og elektrofaga flest står utan læreplass.

Læreplass er ikkje noko eleven får, det må eleven sjølv skaffe seg. For mange ungdommar er søknaden om læreplass det første, viktige jobbintervjuet.

– Det er berre å ta ein sjanse og prøve seg, gjerne på plassar som ikkje ligg nærmast der ein bur. Berre kaste seg ut i det, seier resepsjonistlærlingen.

Kjøkkensjef Bodil Fjellestad har teke i mot mang ein lærling.

– Eg vil anbefale å reise rundt til bedriftene og selje seg inn. Gjerne spørje om du kan få ei arbeidsveke, så ein får vist seg fram, seier Fjellestad.

Bodil Fjellestad

KRIGAR OM KOKKANE: Kjøkkensjef Bodil Fjellestad har fleire lærlingar på kjøkkenet, for å sikre rekrutteringa til kokkeyrket.

Foto: Silje Guddal / NRK

Medan nokre verksemder vegrar seg for å ta inn lærlingar, tenkjer Fjellestad rekruttering.

– Vi er nøydde til å ta i mot lærlingar skal vi ha kokkar, servitørar og fagfolk i framtida. I alle fall i kokkefaget er det heilt avgjerande, for det er nesten krig om både lærlingar og kokkar.

Dei private er flinkast

Utdanningsdirektør Tor Einar Skinlo i fylkeskommunen meiner verksemdene er flinke til å ta inn lærlingar, men at fleire har noko å lære av Gloppen Hotell. Av om lag 30 tilsette, har hotellet åtte lærlingar.

Lærlingar ved Gloppen Hotell

FAGBREV ER MÅLET: Fire av dei åtte lærlingane ved Gloppen Hotell er frå venstre Mathias Hopland Eikås (kokk), Simon Kvile (resepsjonist), Thomas Allmenning (servitør) og Olin Briksdal (reiseliv).

Foto: Silje Guddal / NRK

– Å ta inn lærlingar er utan tvil ei viktig oppgåve, både for næringslivet, men òg for kommunar og offentlege aktørar, seier Skinlo.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 72 prosent av fjorårets lærekontraktar vart teikna i privat sektor. 21 prosent av kontraktane vart teikna i kommunal eller fylkeskommunal sektor.