Slik sikrar du deg mot innbrot

Trass i fleire innbrot i seinare tid, er det framleis tiltak du sjølv kan gjera for å unngå dette. Tal frå politiet syner også at melde innbrot er blitt kraftig redusert.

Innbrot

INNBROT: Denne steinen fekk ekteparet May-Hilde Hjelmeland og Terje Torgersen på Hafslo, kasta inn gjennom vindauget sitt torsdag førre veke.

Foto: PRIVAT

– Å installera alarm fungerer, seier kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll.

Dei siste fem åra har talet på melde saker til politiet for grove tjuveri frå bustadar blitt redusert med 50,2 prosent. Det viser ein politirapport.

Ein mogleg grunn til færre melde innbrot kan vera den store andelen norske bustadar som har bustadalarm og andre sikringstiltak.

Ta forholdsreglar

No jaktar politiet på ein bande med tjuvar etter meir enn 20 innbrot i hus på Vestlandet dei siste vekene.

– Det er viktig at det ser ut som om nokon er heime, sjølv om ingen er det. Fjern gjenstandar med verdi frå innsynet. Dersom alt ligg klart på stovebordet, er det gjerne meir attraktivt for tjuvane å bryta seg inn, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

I tillegg seier kommunikasjonssjefen at det er lurt å alliera seg med naboen for å unngå innbrot. Fortel at du skal vekk og ikkje ventar besøk, slik at naboane då kan vera meir merksame på trafikk i området.

Arne Voll, Gjensidige forsikring,

LÅS HUSET DITT: Kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, nemner fleire grep du kan ta for å unngå innbrot.

Foto: Gjensidige forsikring

Hugs dokumentasjon

Vel du å reisa ifrå huset ditt med opne vindauge, eller dører, kan dette få konsekvensar for eit eventuelt forsikringsoppgjer.

– Det er å anbefala å kunna dokumentera kva du har hatt ved eit innbrot. Ta bilete, eller film det du er redd for med mobilen. Då har du oversikt over det du eig og god dokumentasjon på verdi, seier Voll.

Mange har alarm

Ifølgje Sector Alarm AS er om lag ein halv million bustadar med alarm knyta til ein alarmstasjon. Berre det siste året har talet på alarmar stige med rundt to prosent.

– Stadig fleire bustadar sikrar seg med bustadalarm. I 1999 hadde rundt 100.000 bustadar alarm knyta til ein alarmstasjon. I år er talet om lag 480.000 bustadar, seier kommunikasjonssjef i Sector Alarm AS, Sissel Eckblad.

Innbrot

KNUST VINDAUGE: May-Hilde Hjelmeland og Terje Torgersen anbefaler folk å la lyset stå på når du ikkje er heime.

Foto: PRIVAT

Oppfordrar folk til å prata

Ekteparet May-Hilde Hjelmeland og Terje Torgersen opplevde i førre veke eit innbrot på Hafslo i Sogn. Sjølv hadde dei ikkje installert alarm. Det var Firda som fyrst fortalde historia til ekteparet.

– Ein alarm kunne kanskje skremt tjuvane, seier Torgersen.

– Det er nok ikkje den dyraste forsikringa du kan investera i. Dersom det kan gjera deg tryggare, så ville eg teke den kostnaden. Om det er aktuelt for oss, det veit eg ikkje, seier Hjelmeland.

Ekteparet synest det er forferdeleg at folk rundt dei er blitt så redde for innbrot.

– Det er ikkje slik me skal ha det. Eg anbefaler folk å ha på lys og ikkje gå ifrå mørke hus. Følg med på kva som skjer rundt deg. Send ei melding til naboen og fortel om du ventar nokon når du ikkje er heime, seier Hjelmeland.