Hopp til innhold

Stor snøsky la seg over vegen

Ei kjempesky av snø la seg måndag ettermiddag over riksveg 15 i Videsvingane i Stryn. Ei sprenglading sprengde ned store mengder snø frå Napefonna.

- Det vart heilt kvitt. Det er sjeldan den er så gedigen, seier Jon Skåre som bur på Skåre like ved oppstiginga til Strynefjellet.

Mange skred i vinter

Frå stoveglaset sitt har han utsikt rett på Napefonna. Kvar einaste vinter veks den seg stor når vêrgudane sørgjer for snø i store mengder.

I vinter har det gått mange snøskred langs vegane i Sogn og Fjordane. Fleire stader har det nesten gått gale når bilar har vore nær å bli tatt av skred.

Løyser ut skred kontrollert

Fleire stader i fylket er det plassert ut sprengstoff for å kunne sprengje vekk snø kontrollert i staden for at skreda går når folk minst ventar det. Slik er det også på Strynefjellet.

Tidleg på hausten vert det plassert ut fem sprengladingar i området rundt Napefonna, og måndag ettermiddag vart den andre for vinteren sprengd.

Dette for å sikre at vegen er så trygg som mogleg for både vanlege bilistar og dei som arbeider på riksveg 15 over Strynefjellet.

- Det har kome svært mykje snø i det siste. For å sikre oss at ikkje fonna kjem ned av seg sjølv valde vi å trykke på knappen, seier Inge Guddal som er brøytesjåfør for E. Opedal & Sønner på Strynefjellet.

Sprengladingane som er utplassert vert detonerte frå ei datamaskin på Nordfjordeid. Entrepenøren stengde vegen for trafikk og så var det å trykke på knappen.

- Det kom ned svært mykje snø. Fonnvinden lagde ei sky som la seg over heile dalen, fortel Guddal til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Støvsky etter sprenging av Napefonna

KVITT: Den store snøskya etter sprenginga gjorde det i ein periode vanskeleg å sjå spesielt langt ut frå altanen til Jon Skåre.

Foto: Jon Skåre

Måtte brøyte tre kilometer

Og det var utan tvil lurt å sprengje ned Napefonna kontrollert. Etter at støvskya hadde lagt seg måtte Guddal ut å brøyte tre kilometer med veg.

- Det var opp i 30 centimeter med snø i vegen. Både kvistar, delar av tre og mykje anna rask hadde kome ut på riksvegen, fortel Guddal.

- No er vi trygge ei stund

Også i Grasdalen er det utplassert fleire sprengladinga. Her har det også blitt sprengt ned snø kontrollert i løpet av vinteren.

Brøytesjåfør Guddal er nøgd med sprenginga ved Napefonna måndag.

- Det var kjekt å sjå at det kom ned så mykje snø. Då er vi trygge ei stund, seier Guddal.