Hopp til innhold

Slik sette humorbandet sitt preg på lokale låtar

Populærorkesteret Finn-Erix med Finn Tokvam i spissen skapte livleg stemning då dei framførte lokale klassikarar under Julelutt-konsert i Anodehallen til Hydro i Høyanger.

Populæreorkester Finn-Erix si framføring under Julelutt i Høyanger.

MINIKONSERT: Her kan du sjå Finn-Erix sine to innslag under Julelutt-konserten.

Bandet opna med Rynka sin Kloumanns Allé, ein velkjend song for mange, men særleg for folk i Høyanger.

– Det er jo nasjonalsongen i Høyanger og i og med at ikkje Rynka sjølv var der så er det naturleg at Finn-Erix tek jobben, for vi forbetrar jo alt som finst av populærmusikk om det er ønske om det, seier Finn Tokvam, som også var programleiar under Julelutt.

Tok ned tempoet for å få allsong

Stemninga i salen vart svært så lystig då humorbandet kom på scena. Folk lo og smilte, klappa og song med. Nettopp fordi låten er så velkjend som den er valde dei å ta låten i eit rolegare tempo enn bandet ville gjort.

– Vi har ofte ein frekk bossanova-rytme der vi køyrer på, men vi tok det med ro for at folk skulle få synge med. Salen kunne den, det var lett å sjå, seier Tokvam.

  • Sjå heile Julelutt-konserten nedst i saka

Mellom dei to songane presenterte bandet seg sjølv som ein oase av vellyst og undertrykt seksualitet. Saman med Finn Tokvam, som jobbar som journalist og humorist i NRK, på vokal, består bandet av musikaren Odd Erik Lothe på orgel og NRK-journalist Halvor Folgerø på fagott.

Publikum på NRK JuleLutt 2015

SPESIELL KONSERT: Alle publikummarane måtte ha hjelm. Finn Tokvam, som også var programleiar, fekk heile salen til å løfte hjelmane i ei bølge under konserten.

Foto: Christan Blom

Samanliknar seg med Sølvgutane

Tokvam drog det også så langt til å samanlikne bandet med Sølvgutane.

– Likskapen er grei. Vi har den same naturlege sjarmen og musikalitet, men forskjellen er at det er lettare å frakte oss rundt og det er ikkje ulovleg å ha oss med på rom etterpå.

– Vart det besøk då?

– Nei, men eg kan no berre snakke for meg sjølv. Vi kan godt setje ut eit rykte om at organisten fekk besøk, det kan vi godt gjere, seier Tokvam.

Framførte julelåt med frekke rytmar

Og det stoppa ikkje med Kloumanns Allé og humoristisk prat. Bandet avslutta med ein heidundrande versjon av julelåten «Det lyser i stille grender».

– Det er den finaste julesongen og den finaste versjonen har Olav Stedje, men når ikkje han kunne vere i Høyanger så synest eg at vi måtte ta på oss den jobben. For det blir ikkje julekonsert utan den songen.

Og då kunne bandet ta opp igjen tempoet, noko som ligg meir i Finn-Erix si ånd. Finn Tokvam stod ikkje berre for vokale prestasjonar, men også ein heilt eigenlaga dans.

– Det er morosamt at når ein dansar slik på ei scene så får ein applaus. Gjer ein det på hotellet etter konserten kan ein fort bli utkasta. Men eg var sliten og lukkeleg etter den konserten, så det blei ikkje noko dansing på hotellet.

Her kan du heile konserten frå anodehallen i Høyanger.