Hopp til innhold

Slik ser tunnelen ut – vert stengt i fleire dagar

Sikkerheitsnettet i taket har fått hol, stein har ramla ned og fjellet har sprokke. Fjærlandstunnelen vert stengt i fleire dagar.

Tunnel etter brannen

NEDFALL: Slik ser det ut i Fjærlandstunnelen akkurat no.

Foto: Statens vegvesen

– Det vil ta fleire dagar å reparere tunnelen etter brannen. Men me vil sette i gang med styrt trafikkavvikling gjennom tunnelen så fort me kan – kanskje om to-tre dagar, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen til NRK.

For før den kan opna att må det høgtrykksspylast for å få vekk sot. Så må ein bolte, legge på sprutbetong for å sikra taket og bytta ut det elektriske utstyret.

Seint måndag kveld vart det meldt om brann i ein feiebil inne i tunnelen og 13 personar vart frakta til sjukehus med lettare røykskadar.

Betre enn frykta

Tysdag ettermiddag har geologar vore inne i tunnelen for å sjå på skadane.

– Det var ikkje så store skadar som vi frykta, men dei må inn ein tur til på platformbil for å sjå nærare på taket, seier Finden.

Feiebilen som bann i Fjærlandstunnelen

DAGEN DERETTER: Det var i denne feiebilen brannen starta, slik såg den ut då den vart tatt ut av tunnelen.

Foto: Jo Marius Bøyum

Håpet er altså at dei kan byrje med styrt trafikkavvikling om nokre dagar og vil komme tilbake med meir informasjon så fort dei veit meir. Han håpar dei har meir informasjon i løpet av onsdagen.

– Det har vore sterk varmeutvikling frå brannen, og det har rast ned ein del stein der feiebilen stod i brann. Det er rive hol på sikkerheitsnettet i taket. Det yttarste laget av fjellet har sprokke opp over eit større område på grunn av den sterke varmen, seier Finden.

Omkøyring til Sogn går no via Høyanger og ferjesambandet Dragsvik-Hella på riksveg 55. For personar som nyttar denne vegen til vanleg mellom Skei og Sogndal er det tre gongar så langt og nesten to timar ekstra i reisetid.

Det er sett inn ekstra ferjer på nattetid med avgang frå Dragsvik klokka 2.30, 3.30, 4.30 og frå Hella klokka 3.00 og 4.00.

Tunnel etter brannen

RIV NED: Delar av taket må rivast for å sikra tunnelen for opning att. Gravemaskiner har byrja arbeidet.

Foto: Statens vegvesen