Hopp til innhold

Slik ser storhotellet ut

Slik vil det planlagde, nye hotellet i Sogndal sjå ut. Hotellet skal ha 200 sengeplassar, utandørs badeanlegg og strandpromenade.

Det nye hotellet i Sogndal

Styreleiar Lidvin Osland seier selskapet alt har vore i kontakt med både Lerum og andre huseigarar om innløysing av eigedomar langs Sogndalsfjøra. Lerum er ikkje uvillige til å flytte fabrikken om dei ikkje tapar på det, ifølgje Osland. Han seier det også kan vere aktuelt å byggje husvære langs strandlinja.  

Lokale investorar

Det er investorane Torbjørn Lie, Rolf Navarsete og Arne Myklebust som står bak selskapet Fjordlinje. Og dei har brukt ein million kroner berre på arkitektfirmaet Snøhetta, som har teikna hotellet.  

Positive politikarar

Planane deira om å realisere eit reiselivsprosjekt til nærmare 300 millionar kroner er altså godt i gong. Formannskapet i Sogndal har allereie sett teikningane og skal vi tru ordførar Karen Marie Hjelmseter er politikarane svært positive til det dei har sett.  

- Det ser utruleg spennande og flott ut. Eg trur det vil verte eit kjempeløft for Sogndal, seier ordføraren. Torsdag 9. februar vert planane presentert på eit ope kommunestyremøte.  

Ikkje finansiert

Men for å få realisert prosjektet er selskapet avhengige av å få med seg investorar. Eigaren av hotellkjeda Choice, storinvestor Petter Stordalen, er invitert med i prosjektet. Men førebels er han svært skeptisk til storleiken på hotellet.  

- Prosjektet ser heilt fantastisk ut og vil vere eit flott tilskot til Sogndal. Men med dagens marknadssituasjon er det ikkje rom for eit slikt hotell i Sogndal no, seier visekonsernsjef i Choice, Torgeir Silseth.