Hopp til innhold

Slik ser det ut i Lærdal no - mange hus er heilt utraderte

Det er eit nesten uverkeleg syn som møter folk i Lærdal. Fleire hus er fullstendig utsletta etter den forrykande brannen. Midt oppe i alt elendet, er riksantikvar Jørn Holme letta over at den eldste delen av Lærdalsøyri ikkje er råka av brannen.

– Då Dagsrevyen ringde med 07.45 søndag, så fekk eg eit lite sjokk. Vi har vore uroa for tryggleiken til våre tette trehusmiljø i lengre tid. På Lærdalsøyri har vi hatt eit spesielt fokus, seier riksantikvar Jørn Holme.

Det har vore sett i gang tiltak i den eldste delen av Lærdalsøyri, og denne er førebels ikkje rørt av brannen.

– Det som har skjedd no i Lærdal er ei tragedie for alle som har mista heimane sine og alt dei eig, samt dei som har vorte skadde. Det kjem i første rekkje, så får vi gråte våre tårer over antikvariske verdiar som har gått tapt i andre rekkje, seier Holme.

Den nyare delen har vorte skadd

Han understrekar at samla sett er det berre eitt ord for det som har skjedd i Lærdal.

– Det er berre trist, seier Holme.

Trehusbebyggelsen i Lærdal er ein av få samanhengane trehusmiljø som har lang tidsdjupne.

– Faktisk frå 1600-talet fram til tidleg 1900-tal. Det gamle øyri vart etablert nærast fjorden etter mellomalderen. Dette har svært, svært høg verneverdi, og er heldigvis ikkje komme til skade, seier Holme.

Men den nyare delen av øyri som er historisk, har komme til skade i brannen.

– Den delen er sterkt øydelagt, samt at eit freda hus frå 1840-åra i bergensk seinempir er totalskadd, seier Holme.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

VEKK: Mange stadar er det berre oske att av det som ein gong var eit hus. Foto/redigering: Steinar Lote

Har hatt spesielt fokus på førebygging

– Det historiske Lærdalsøyri er sterkt øydelagt, men ikkje heilt øydelagt. Norge er ein trehusnasjon, og det har brent mykje i Norge. Tette trehusmiljø var ein del av byggjestilen fram til vår tid. Det er også difor vi har eit veldig fokus på dette, seier Holme.

– Korleis er slike trehusmiljø sikra i dag?

– Lærdal kommune har vore svært medvitne den brannsmittesituasjonen som har vore i Lærdal. Dei har hatt eit spesielt fokus på både den førebyggjande sida og kva ein gjer dersom uhellet er ute, seier Holme.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

GRUFULLT SYN: Det var eit fælt syn som møtte folk då det vart dagslys i Lærdal. Foto/redigering: Steinar Lote

Har ikkje full oversikt

Riksantikvaren har spesielt gitt tilskot til kommunen til det området som er eldst.

– Der er det komme ein del brannpumper, alarmanlegg og sprinkelanlegg. Det er ikkje rørt av brannen. Så får vi sjå korleis situasjonen var der brannen har herja mest, seier Holme.

Framleis har ein ikkje full oversikt over situasjonen, og brannvesenet har ikkje kontroll på brannen, trass i at det no har brunne i over eit halvt døgn.

– Det er framleis ein brann som skal sløkkjast fullstendig. Vi har ikkje fått snakka med våre representantar i Lærdal, så vi har ikkje eit fullstendig bilete av situasjonen. Det er godt mogleg vi ikkje får det før i morgon, seier Holme.