NRK Meny
Normal

Slik ser gamle Sognefjord ut

Det tidlegare flaggskipet til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane ser ut til å vere i god stand. Entusiastar vil hente gamle «Sognefjord» heim frå Asia.

Gå til forsiden

Gamle Sognefjord

Gamle Sognefjord

Gamle Sognefjord

9 bilder

    I mai i år var Brit Elin Ladehaug frå Hennebygda på ferie i Asia. Då fekk ho kome om bord i skipet, som no ber namnet «Orient Explorer». Det ligg i opplag i Kota Kinabalu i Malaysia og er til sals.

    Roald Øvreås frå Ortnevik vil no prøve å samle inn pengar for å få «Sognefjord» heim.

    Og bileta Brit Elin Ladehaug tok då ho var om bord i skipet syner at det slett ikkje er noko vrak Øvreås ynskjer å få frakta frå Malaysia til Sogn og Fjordane. (Sjå album i toppen av artikkelen).

    Brit Elin Ladehaug

    FRAMLEIS STASELEG: Brit Elin Ladehaug framfor døra til salongen.

    Foto: privat

    – Vart rørt

    Ho har budd i Singapore i halvanna år. I mai drog ho og Arne Mikkelsen til området der skipet ligg for å gå på fjelltoppen Mount Kinabalu (4090 m.o.h.). Dei fekk hjelp av Kjell Ottar Heggestad frå Olden til å få kome om bord. Han bur i Kota Kinabalu.

    – På grunn av mi masing og hans forbindelsar fekk vi oppleve dette. Dagen etter at vi kom ned frå fjellet fekk vi kome om bord. Vi vart møtt av åtte vennlege malayar og filipinerar som bur og arbeider på båten.

    Brit Elin Ladehaug fortel at minna om gamle Sognefjord vart sterke for henne.

    – Mannskapet tykte det var litt snålt med ho som stod i styrhuset og vart rørt fordi ho såg fram i lasterommet der kyrne vart heist ned i når dei skulle sendast til slaktehuset etter enda teneste.

    Ubåtjagaren Kilham - seinare MS Sognefjord

    TIDLEGARE UBÅTJAGAR: Opphaveleg var «Sognefjord» ubåtjagar i den amerikanske marinen, med namnet «Kilham».

    Eigd av bergensarar i åtte år

    «Sognefjord» gjekk i rute mellom Bergen og Sogn og Fjordane i 32 år, fram til 1982. Det flotte skipet var bygd på skroget til ein amerikansk ubåtjagar.

    Det mange kanskje ikkje veit er at det var næringsdrivande i Bergen som kosta kjøpet og ombygginga av «Kilham» til «Sognefjord». Fylkesbaatane hadde berre råd til søsterskipet «Sunnfjord».

    Bergensarane eigde skipet frå det var ferdig frå Haugesund Mekaniske Verksted i 1950 til Fylkesbaatane fekk råd til å kjøpe det åtte år seinare. Fram til då leigde selskapet «Sognefjord».

    Dei som er så gamle at dei har reist med dei to tidlegare flaggskipa hugsar at det var stil over interiøret. Slik skildra Haugesunds Dagblad det som venta passasjerane då skipet var klar for rutedrift i april 1950:

    For passasjerene er det ikke spart på noe når det gjelder bekvemmelighetene. Forut på brodekket er det en stor røkesalong utført i polert nøttetres møbler. Vi finner regulerbare «skymasterstoler», lenestoler og sofa. Spisesalong, aktenfor røkesalong, utført i avodide paneler.

    Kjelde: «101 fjordbåtar» av Magnus Helge Torvanger.

    Sognefjord og Sunnfjord

    TVILLINGSKIP: «Sognefjord» og «Sunnfjord» var staselege skip for si tid.

    Foto: eigar Fjord1
    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.