NRK Meny
Normal

Slik ser Førde ut gjennom Jostein si linse

FØRDE (NRK): Byen har blitt skjelt ut og kalla Norges styggaste. Det tykkjer den unge fotografen Jostein Vedvik lite om.

Jostein Vedvik

SJUKEHUSPARKEN: Dette motivet har Jostein Vedvik fanga like ved sentralsjukehuset.

Foto: Jostein Vedvik

– Det er ikkje berre å gå rundt og knipse, ein må faktisk leggje noko i det også.

Det seier 18-åringen frå Førde med den store interessa og lidenskapen for fotografi. No har han fanga bygdebyen i nattlyset, og stilt bileta sine ut på restauranten Pikant.

Førde har i årevis måtte tole kritikk frå fleire hald for sin arkitektur og utsjånad. Men det var journalist Jan Nyberg i Bergens tidende som sette ord på kritikken i 1988:

«Verst av alle er kanskje Førde. Meir enn ei bygd er Førde i dag ein sosialdemokratisk fiksjon, skapt over tanken om at tinga er alle menneskes mål, meir enn at alle tings mål er menneske. Har du pengar skal du ikkje mangle nokon ting i Førde.»

Den slags kritikk er framand for dei unge som veks opp i Førde i dag, meiner fotograf Jostein Vedvik. At nokon kan kalle byen hans for den styggaste forstår han ikkje.

Fotograf Jostein Vedvik

UNGT TALENT: Jostein Vedvik har brukt dei siste to åra på å fange lyset i mørkret med kameraet sitt.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er vel berre nokon som ikkje har budd her som seier det. Du må bli kjend med byen, leve i den og bu her. Å køyre gjennom Førde og berre sjå eit par ting er ikkje nok, seier han.

Det er lyset - og mørket - som pregar bileta som Jostein Vedvik no har stilt ut. Han har fått evna til sjå kva som er eit godt motiv, særleg når naturen spelar med på lag.

– Eg såg opp på himmelen, og såg nordlys. Då slapp eg alt eg hadde i hendene og sprang heim for å hente kamera og stativ.

Jostein Vedvik

SLÅTTEN: Ei trolsk, lita elv, like ved der folk bur og lever i Førde.

Foto: Jostein Vedvik
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.