Hopp til innhold

Slik ser det ut på tunet til Judith i Angedalen 22. mai

Vinteren har funne det for godt med ein visitt til fylket, sjølv om vi no altså skriv 22. mai. I Angedalen i Førde er plenane i dag meir kvite enn vårgrøne ...

Snø i Angedalen 22. mai

NY VINTER: Slik ser hagen til Judith Hegrenes i Angedalen i Førde ut 22. mai.

Foto: Judith Hegrenes

– Her lavar snøen ned i dag, det er kvitt langt nedover. Plenen min er ikkje lenger grøn men kvit, fortel Judith Hegrenes.

– Kva skal ein seie til slikt?

– Det er nesten berre til å le av, det blir jo berre verre og verre. Vi får tru dette er siste krampetrekninga denne gongen, men det har eg sagt nokre gonger i mai. På ein anna side så har vi no berre godvêr til gode.

– Den kontoen må vel ver stor i år?

– Ja, eg som eg sa til ei dame her at i år skal berre kjøpe Middagsblomar, for i år blir det ein fin sommar. Det er noko som heiter «pinsbråsa» når den kjem før pinse, då blir det ein fin sommar.

Fleire stader i fylket har dei i dag fått eitt gjensyn med vinteren, både i Jølster, på Røyrvikfjellet og på Utvikfjellet kan innringarar til NRK fortelje om snø.

Slik såg det ut på Utvikfjellet fredag 22. mai

Fotograf: Silje Guddal

I Angedalen har Judith Hegrenes planen klar for korleis ho skal bruke dei forhåpentlegvis siste vinterdagane for denne gongen.

– Eg er akkurat i gang med ei steikande god krimbok av Hans Olav Lahlum, så no har eg tenkt på krype under pleddet og kose meg med den.