Hopp til innhold

Ingen fjellovergangar har fri ferdsel - utsett køyreturen til torsdag

Det er meldt skikkeleg ruskevêr langs kysten, og sendt ut OBS-varsel om fjellovergangane i sør. Ingen fjellovergangar i Sør-Norge har fri ferdsel tysdag kveld.

Kolonne, kø på Hemsedalsfjellet

LANGE KØAR: Slik ser det ut på Rv. 52 Hemsedalsfjellet tysdag kveld. Og verre kan det bli utover natta og morgondagen.

Foto: Statens Vegvesen, webcamera

OPPDATERT TYSDAG 22:00:

– Det vert ikkje betre før på torsdag morgon, så om folk ikkje må over fjellet bør dei vente til torsdag før dei køyrer, seier trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen i Lærdal, Ketil Molvær.

Europaveg 16 over Filefjell var den einaste med fri ferdsel lenge, men no er det innført kolonnekøyring der også.

Dette er status på dei andre overgangane i Sør-Norge:

  • Riksveg 7 over Hardangervidda er stengt for alle.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet kolonnekøyring.
  • Riksveg 15 Strynefjellet kolonnekøyring.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd ut dagen.
  • Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er stengd.
  • Riksveg 15 over Strynefjellet er det kolonnekøyring.
  • Fylkesveg 27 Venabygdsfjellet blir nattestengt frå klokka 22.
  • E134 Haukelifjell er stengd.
  • Fv 53 Tyin-Årdal er stengd.

Her er ei oversikt over korleis tilhøva er på fjellovergangane.

– Heldigvis er det styrt trafikkavvikling på Filefjell. Det betyr at ein kan ta med seg opp mot 150 bilar om gangen, mot 25 i ei vanleg kolonne, seier Molvær.

Han oppmodar folk som skal over fjellet til å rekna god tid og åtvarar mot kaos og lang ventetid frå tysdag kveld og heilt fram til torsdag morgon.

Og tysdag kveld kom meldinga om at ferjesambandet Anda-Lote på E39 har blitt innstilt grunna det dårlege vèret.

Laster Twitter-innhold

Mykje vind i vente

Eit kraftig lågtrykk er i utvikling og byr på mykje vind frå Rogaland i sør til Troms i nord. Langs kysten blir det kuling eller storm. Aller verst blir det ved Stad.

– Det blir ein liten storm i kveld, før vinden minkar. I natt vil vinden auke på igjen til ein sørleg full storm ved Stad, seier meteorolog Haldis Berge.

Den sterkaste vinden blir på kysten frå Stad og nordover, men oppheld du deg langs fjordane eller på fjellet vil du merke til vinden, fortel meteorologen.

– Frå tysdag ettermiddag blir det ein vestleg og sørvestleg sterk kuling. Dette gjeld inn fjordane og på fjellet.

I Rogaland, Hordaland, Nordland og Troms blir det sterk eller stiv kuling. I Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag vert det liten eller periodevis liten storm.

Laster Twitter-innhold

OBS-varsel om køyreforhold i fjellet

Frå tysdag ettermiddag vil vind og snø gjere sitt til at det blir vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

– Vi har sendt ut OBS-varsel for tysdag og onsdag for fjellovergangane i Sør-Norge, fortel Berge.

I høgfjellet mellom aust og vest vil vinden ligge på ein vestleg liten storm.

– Det blir problematisk med sterk vestleg vind og snøbyer som gir dårleg sikt. Vinden minkar på kvelden onsdag, seier ho.

Store bølger mot Kråkenes fyr

UVÊR I VENTE: På kysten av Norge vil det blåse friskt, og aller verst blir det i området ved Stad.

Foto: Thomas Bickhardt / Scanpix