NRK Meny
Normal

– Ikkje set andre sitt liv i fare ved å ikkje skifte dekk

Etter meldingar om bilistar som køyrer med sommardekk over Vikafjellet, ber no Vegvesenet alle innstendig om å byte til vinterdekk om du skal over fjellovergangane.

Nettkamera Sognefjellet

SOGNEFJELLET: Slik såg det ut på fjellovergangen kl. 08:00. Biletet er frå nettkameraet til skjolden.com.

Foto: Nettkemara/skjolden.com

– Ikkje set andre sitt liv i fare ved å ikkje skifte dekk, er den klare oppmodinga frå vegtrafikksentralen i Lærdal.

Bruk vinterdekk

Hardangervidda, Dyranut 1.235 moh

DYRANUT: Det blir meldt om snøslaps på Hardangervidda. Biletet er frå Dyranut, 1.235 meter over havet.

Foto: Statens vegvesen

Vi skriv oktober og Kong Vinter har lagt si kvite hand over fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet. Det blir meldt om snøslaps på riksveg 7 over Hardangervidda og riksveg 13 over Vikafjellet.

Det blir også meldt om bilistar på sommardekk.

– Det er greie vêrforhold på fjellovergangane, men så er det også snø. Ein må sko seg etter føreforholda, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Vekslande

Temperaturen er venta å halde seg stabilt framover. For Hardangervidda betyr det, ifølgje yr.no, blå temperaturar nær null. Elles ser temperaturane ut til å ligge lågt på plussida for fjellovergangane i Sør-Norge.

Sognefjellet er venta nattestengt framover grunna usikkert vêr. Overgangen er utsett i overgangsperioden no på hausten.

– Snøføre kan tine opp på dagtid, men det er ingen garanti. Vi tilrår alle som skal over fjellovergangane om å ha på vinterdekk, seier Hille.

Slik er stoda på overgangane

  • E6 Dovrefjell: Stort sett bart og vått.
  • E16 Filefjell: Bart og vått.
  • E134 Haukelifjell: Vekslande bart og snøslaps.
  • Rv7 Hardangervidda: Vekslande bart og snøslaps.
  • Rv13 Vikafjellet: Snøslaps, fare for glatte parti i høgareliggande strok.
  • Rv15 Strynefjellet: Bart.
  • Rv52 Hemsedalsfjellet: Bart og vått.
  • Fv51 Valdresflye: Bart.
  • Fv53 Tyin - Årdal: Bart og vått.
  • Fv243 Aurlandsfjellet: Stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.
  • Fv258 Gamle Strynefjellsveg: Stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast