Hopp til innhold

Her er dei første bileta frå innsida av tunnelen

Oske, sot og svarte køyretøy. Utbrende køyretøy og krasja bilar talar sitt tause språk om dramaet som utspann seg i Gudvangatunnelen på E16 måndag. Her er dei første bileta.

Ein trailer tok til å brenne i Gudvangatunnelen. Slik ser det ut dagen etter.

TOTALVRAK: Trekkvogna på vogntoget er fullstendig utbrent. Video: Heidi Lise Bakke

Havarikommisjonen (SHT) har no starta arbeidet inne i Gudvangatunnelen.

– Brannen har hatt svært stor varmeutvikling, og har vore omfattande. Berre metallet står att av vogntoget. Men det er for tidleg å seie noko om kva som er årsaka til brannen endå, seier inspektør i Havarikommisjonen, Martin Visnes.

Statens Havarikommisjon for transport er kopla på saka då skadepotensialet var svært stort då eit vogntog tok til å brenne inne i Gudvangatunnelen på E16 måndag, og situasjonen var svært krevjande for både trafikantar og redningsetatar.

Så mange som 15 køyretøy står att i Gudvangatunnelen. Politiet er i ferd med å undersøkje saka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gudvangatunnelen

HEILT UTBRENT: Berre metallskalet står att av den utanlandske traileren som tok fyr måndag i Gudvangatunnelen.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Må vere trygge på at det ikkje fell ned stein

Lensmannen i Årdal er etterforskingsleiar, og han er oppteken av tryggleiken i området.

Ein geolog var tidlegare i dag på plass i tunnelen for å vurdere om det var trygt å sleppe folk inn for å starte etterforskinga av brannen.

– Vi må vere trygge på at vi ikkje får nedfalla av stein frå tunneltaket. Det har vore sterk varme inni der, og vi må jobbe trygt slik at det ikkje blir fleire ulukker, seier Magne Knudsen, som er lensmann i Årdal.

Barn blant dei skadde

66 personar er innlagde på fire ulike sjukehus. Ti av desse skal ha fått alvorlege skadar etter ulykka.

Seks pesonar ligg på Voss sjukehus. Tilstanden for desse, deriblant ei sju år gammal jente, vert karakterisert som alvorleg.

I tillegg skal ti presonar vere innlagde med lettare skadar.

Ved Haukeland univsersitetssjukehus er 18 personar innlagde. Det er uklart kor alvorleg skadde desse er.

Ved Førde sentralsjukehus ligg 29 pasientar, tre av dei born.

(Artikkelen held fram under biletet)

I tunnelen

KOMPLISERT: Inspektør Martin Visnes i Statens Havarikommisjon for transport er klar på at dei har eit omfattande arbeid framfor seg.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Har starta avhøyr av vitne

Politiet har hatt møte med Statens Havarikommisjon for Transport, og dei er i gang med avhøyr av aktuelle vitne.

– Det er dei som har vore nærast brannstaden, og dei som har passert traileren, seier Knudsen.

Leitar i mørket

TØFF JOBB: Det er vanskelege tilhøve i tunnelen. Alt av lysutstyr er øydelagt, og det er vanskeleg å få nok lys til å sjå noko som helst.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

NRK oppdaterer saka