Modellen av det nye sentralbygget til Høgskulen i Sogn og Fjordane vart presentert tysdag. Bygningen er teikna av Arkitektgruppen lille frøen AS, som vann plan- og designkonkurransen Statsbygg hadde lyst ut.
I dag leiger skulen lokale ulike stader i Sogndal for å få plass til alle studentane. Med det nye sentralbygget vil all høgskuleaktivitet i framtida vere samla i området rundt Fosshaugane Campus.
Byggjestart i 2008
Rektor Johns Thaule håpar dei får midlar over statsbudsjettet i 2008, slik at dei kan starte bygginga same året. I så fall kan bygget til 200 millionar kroner stå ferdig to år seinare.
Arkitektane har kalla bygningen for "Missing link". Namnet speglar det manglande leddet som kan binde saman Fossbygget og Stadionbygget.
Store glasflater
Ifølgje ei pressemelding vert det vertikale sentralrommet det samlande elementet i bygningen. Hovudtrapp og heissamband gjer at alle må innom her. Det vil og vere korte avstandar til dei ulike funksjonane.
- Store glasflater vil føre naturen og det store landskapet omkring inn i bygningen, skriv Statsbygg i pressemeldinga.
Foto: Arne Eithun, NRK.
Teikning: Arkitektgruppen lille Frøen AS