Hopp til innhold

Slik ser de sommarfylket vårt!

Folk i fjordfylket har verkeleg omfamna sola og sommaren denne helga. Her er eit knippe intagrambilete vi har fått.

Briksdalsbreen

For med sola steikande frå skyfri himmel, er det mange som har teke turen til fjells eller fjorden for å kose seg.

Og dei har lagt ut bilete av opplevingane sine, og tagga NRK Sogn og Fjordane på Instagram, #nrksf.

Som karen som tok turen frå Haukedalen til Kabusen saman med Mariann, eller mamma som tok med barn og mann på hytta for ein sol og badedag ved Hunvikfjorden.

Lavendel i solnedgang

SOLNEDGANG: Det er fleire enn oss som trist i sola, også blomane. Her er det lavendel i sola som er på veg ned etter ein varm sommardag i Sogn og Fjordane.

Foto: bentegj/instagram

Så har det også vore nokre særdeles lekre solnedgangar, som mellom anna på Straumen, der ein ser heilt til Stadlandet. Eller som frydogfjas, som fotografen kallar seg på Instagram, som har teke med seg barna på rangletur til solnedgang ved Kråkenes og Refviksanden.

Del bileta dine du også på vår instagramside evd tagge oss med #nrksf, og sjå dei andre flotte bileta som ligg der!