Hopp til innhold

Han er ekte sogndøl. Difor var det heilt naturleg å score mot Brann.

Gjennom oppveksten har Ørjan Hopen traska inn og ut av Fosshaugane. Mot Brann kom han sjølv i fokus med å bli matchvinnar med ei scoring av dei sjeldne.

Ørjan Hopen ladar kanonen

SOLID SKOTFOT: Venstrefoten til Ørjan Hopen har skaffa Sogndal så mange poeng at klubben no er i ferd med å tryggje plassen i eliteserien.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Klart det er ekstra artig å score mot Brann. Eg er vaksen opp med kampane mot Brann, så det gir jo litt ekstra, seier Ørjan Hopen.

19-åringen er son av Arild Hopen, som på 80-talet var ein av dei store profilane på Sogndal. Av slikt blir det sterke kjensler for klubben.

Og scoringa hans sytte for at heimelaget kunne juble over 1-0-siger.

– Kva gjekk gjennom hovudet ditt då du såg ballen gå i mål?

– Utruleg glede, seier Ørjan Hopen.

Corneren gjekk rett i mål

Kampen mellom Sogndal og Brann samla full stadion på Fosshaugane, og det var i timen før kampstart lange køar for å komme inn.

Det knytte seg store forventingar til det første vestlandsderbyet mellom dei to laga på Fosshaugane på sju år.

Og krona på verket: Ørjan Hopen si scoring etter 37 minutt. Corneren frå den presise venstrefoten gjekk rett i nota.

– Det var utruleg artig. Eg har jo sett tallause kampar mot Brann, og så blir eg matchvinnar sjølv, gliser midtbanespelaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen feirar scoring heime mot Brann

JUBEL: Ikkje rart spelarane flokka seg om Ørjan Hopen. Med scoringa si vart han matchvinnar mot Brann.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Vil nok leve lenge på den

Håvard Flo forstår godt korleis Ørjan Hopen må ha hatt det etter oppturen mot Brann. Stryningen har sjølv vore i liknande situasjonar.

– Desse kampane er noko heilt for seg sjølv. Det er utruleg artig å vere med på desse kampane, seier han.

– Klart det betyr utruleg mykje for Ørjan. Eg reknar med at han vil leve lenge på den scoringa, ler han.

Venstrefoten = poeng...

Sjølv er Hopen av det meir smålåtne slaget, men Flo er full av lovord om korleis midtbanespelaren har utvikla seg denne sesongen.

– Det Ørjan driv med no, er stor sport. Han har framleis meir han kan bli betre på, men han har hatt ei enorm utvikling, seier han.

Flo siktar til at Hopen i praksis stod utanfor førstelaget ved sesongstart. No har han blitt eit sjølvsagt namn når Aabrekk tek ut laget - og han har på eiga hatt sytt for mange poeng med venstresleggja si.

(Artikkelen held fram under biletet)

Saftkokaradn jublar for siger heime mot erkerivalen Brann

NØGD: Også Saftkokaradn hadde grunn til å glise breitt etter kampen mot storebror Brann frå Bergen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tre spelarar må sone neste kamp

Sogndal har med tre nye poeng teke eit langt steg bort frå botnstriden i eliteserien. Sogningane er på 13. plass med 27 poeng - eitt poeng bak Aalesund og tre poeng framfor Fredrikstad.

Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen og Ole Jørgen Halvorsen må stå over den viktige botnkampen mot nettopp Fredrikstad neste helg. Alle dei tre spelarane fekk gult kort mot Brann, og må sone i neste serierunde.

På den andre sida er då Eirik Bakke tilbake etter suspensjonen mot Brann.