Slik såg månen ut i natt

Mange tok turen på Hafstadfjellet for å sjå korleis solformørkinga ville sjå ut.

Fleire hadde høyrt på rådet frå hobbyastronom og fotograf Runar Sandnes om å kome seg opp i høgda for å få med seg måneformørkinga.

På Hafstadfjellet i Førde var fleire samla for å sjå på måneformørkinga natt til laurdag.

Folk på Hafstadfjellet

HAFSTADFJELLET: Fleire tok turen til Hafstadfjelelt for å sjå måneformørkinga.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Starten var som forventa, vi såg ikkje månen før siste del av solformørkinga, seier Sandnes når han startar oppsummeringa.

Sidan månen låg så lågt i horisonten var det ikkje mogleg å få med seg den totale formørkinga i vårt område. Sandnes forklarer kvifor det er ekstra vanskeleg å sjå då.

– Når den ligg så lågt må vi sjå gjennom mange kilometer med tett atmosfære. Det stel ein del lys, og då blir det vanskeleg å sjå ei formørking, seier han.

For hobbyastronomen er det ikkje er like kult som ein total solformørking, men det er ei flott oppleving å få med seg.

Ventar på neste oppleving

Ofte har ein ei solformørking 14 dagar etter ei måneformørking. Det skjer som regel ved neste nymåne. 11. august er det ei delvis solformørking fortel hobbyastronomen.

– Den er veldig lita, berre 3–4 prosent som blir dekka. Folk kjem ikkje til å merke det med mindre dei er klar over det, seier Sandnes.

Han ser mest fram til meteorsvermen som no nærmar seg. 12. august vil vi kunne sjå Perseidene på sitt sterkaste, men alt i vekene framover vil det vere synleg om vêrtilhøva er gode nok.

Då passerer jorda rundt sola, og kolliderer inn eit støvbelte som gamle kometar har lagt igjen etter seg.

– Det er ikkje farleg, det er berre kult, seier Sandnes.

Det skjer ifølge Sandnes på det same tidspunktet kvart år.

Støvet er små partiklar, så vi vil berre sjå at det brenn opp i atmosfæren. Det er ei flott syn fortel Sandnes.

Bilde av perseidene natt til 12. august på Tau i Rogaland

PERSEIDENE: Slik såg Perseidene ut i 2014.

Foto: Andreas Vastveit / Privat