Hopp til innhold

Slik såg det ut då eitt av verdas beste kor kom til bygda

ØVRE ÅRDAL (NRK): Ei smekk full Farnes kyrkje i Øvre Årdal tok i kveld imot eitt av verdas aller beste kor.

Opera Farnes
Foto: Christian Blom / NRK

Wiener Staatsoperchor er koret du vanlegvis kan sjå og høyre under den tradisjonsrike nyttårskonserten frå Wien. Men sjef for Opera Bergen, Anne Randine Øverby, har klart å få med seg 50 av songarane med på ein liten og uhyre eksklusiv turné på Vestlandet.

– Det har vore ei stor oppleving frå start til slutt. Det var trampeklapp, og publikum reiste seg fleire gonger i løpet av konserten. Eg håpar at publikum hadde ei like stor oppleving som oss, det verka slik, fortel ein svært glad operasjef til NRK etter konserten.

– Gav absolutt alt

For ho som dirigent var det ei særleg stor oppleving å kunne syne fram koret og dei vakre songprestasjonane for eit publikum langt frå dei fine salane i Austerrike sine hovudstad.

– Det er veldig spesielt, og dei gav absolutt alt. Mange reknar Wiener Staatsoperchor som det fremste profesjonelle operakoret, i alle fall i Europa, men også i verda. På denne turen har dei vore akkurat like profesjonelle som når dei leverer i Musikverein eller på Wiener Staatsoper.

Til alt hell fekk dei 50 songarane også oppleve vestlandsnaturen på sitt vakraste i dag, med busstur frå Bergen.

– Dei fekk også den naturopplevinga vi ønska. Dei kom til Bergen onsdag, men der var det jo tåke og 13–14 grader. Men i dag har dei hatt knallvêr innover via Voss, Flåm og Gudvangen. Alle gjekk ute og koste seg ute på kyrkjebakken no i kveld, fortel dirigenten og arrangøren.