Gjennom denne isporten går vegen til Årdal

Denne isdekte tunnelopninga var synet som møtte Jarle I. Kvam då han køyrde fylkesveg 53 på veg til heimbygda Årdal for nokre dagar sidan.

Isdekt tunnel mellom Tyin og Årdal

ISGROTTE: Dette var synet som møtte Jarle I. Kvam på veg ned Heirsnosi på fylkesveg 53.

Foto: PRIVAT

– Med all isen, og når ein plutseleg står ansikt til ansikt med ei gravemaskin, så var det småskummelt, seier Kvam.

"Isgrotta" kom han over på veg ned mot Øvre Årdal på fylkesveg 53 mot Årdal. Han fortel at halve vegbana på utsida av tunnelen var sperra av med skilt, mens ein gravemaskin og ein hjullastar inne i tunnelen arbeidde med å få vekk vatn frå tunnelen.

– Det låg is der vegbana var sperra av, og det rann ein bekk frå over tunnelopninga og ned i den avsperra vegbana, fortel han.

Kvam er godt kjend på fylkesveg 53 til Årdal, men kan ikkje hugse å opplevd ein liknande isport rundt tunnelen tidlegare vintrar.

– Det er klart at når den isen der begynner å losne, så får dei eit problem.

Kjent problempunkt

Seksjonssjef for Vegseksjon Sogn i Statens vegvesen, Eivind Yttri, fortel at det har kome fleire meldingar om tunnelen mellom Tyin og Årdal.

– Det er kjent problempunkt med is på den plassen der, men i år har vi nok dekning for å seie at det er betydeleg meir is der enn det vi har opplevd jamt over tidlegare år, seier han.

– Ein ting er det som heng rundt munningen, og så er det det som er i vegbana. Vi har fått merknad på at det ikkje har vore godt nok høvla, så det er ei sak vi ser på framover. Utfordringa at det byggjer fort på seg att. Vi kjem nok til å sjå på både tiltak og skilting på det punktet for å prøve å varsle trafikantane enda betre.

Størst problem i eldre tunnelar

Yttri fortel at det generelt er i eldre tunnelar utan god frostsikring, at dei opplever størst utfordringar med is i tunnelmunningar og inne i tunnelane.

– Vi har våre entreprenørar ute på vegane, og dei følgjer med. Dei prøver å få teke ned is som heng i skjeringa i tunnelmunningane når ein ser at den begynner å bli i ei slik forfatning at den held på å dette ned. Det som blir gjort heile vinteren, er at ein tek ned istappar og opprettar den høgda som skal vere i tunnelane, fortel Yttri.

– Det som er spesielt med tida vi går inn i no er tine-fryse-utfordringar, i form av at vatn dryp ned på vegbana eller renn inn i vegen. Så frys det til akkurat i tunnelmunningane, og kan kome overraskande på bilistane.