Hopp til innhold

Rygga fem kilometer og tre hårnåls-svingar for å berge polsk vogntog

Det polske vogntoget gav seg i kast med det vinterstengde riksveg 13 over Gaularfjellet, trass i at det var vinterstengt. Det gav bilbergar Arild Tistel eit litt over snittet spesielt bergingsoppdrag.

Tistel og vogntog Gaularfjell

LITT SPESIELT: Bilbergar Arild Tistel fortel at bilberginga på skjærtorsdag var litt utanom det vanlege.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / Privat/NRK

Den polske vogntogsjåføren møtte bokstavleg tala snøveggen då han prøvde seg på det vinterstengde Gaularfjellet skjærtorsdag.

Dermed måtte bilbergar Arild Tistel rygge fem kilometer i motbakke og forsere tre hårnålssvingar for å berge den uheldige føraren.

Men meldinga Tistel fekk først høyrdest lite dramatisk ut.

– Eg fekk melding om at det var ein utanlandsk semitrailer som hadde køyrt seg fast i ein bakke i Balestrand, fortel dagleg leiar ved Førde bilberging, Arild Tistel.

Hadde køyrt så langt han kom

Dermed sette han seg i tungbilbergaren og la i veg den over 11 mil lange vegen frå Førde via Vadheim til Vetlefjorden i Balestrand kommune.

Men det skulle syne seg at det ikkje var ein heilt vanleg bakke den polske sjåføren hadde sett seg fast i.

Semitraileren hadde nemleg lagt i veg på riksveg 13 frå Dragsvik i retning Gaularfjellet. I utgangspunktet ein veg som ikkje er som skapt for semitrailerar, heller ikkje sommarstid.

Når ein i tillegg veit at Gaularfjellet for tida er vinterstengt, vert ikkje historia dårlegare.

– Han hadde køyrt så langt han kom, faktisk så langt som det var oppbrøytt for skituristane i påska, fortel Tistel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arild Tistel

TRAVELT: Arild Tistel i Førde bilberging har hatt ein travel påske.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Hadde ikkje kjettingar

Vegen er brøytt opp til Bårdalstølen, og då sjåføren kom dit, var det ikkje meir veg å køyre. Dermed forsøkte han å rygge seg ned att.

Men hårnålssvingane opp (eller ned, om du vil) Gaularfjellet er krevjande saker. Spesielt når ein er på glatta utan kjettingar.

– Han hadde godkjende vinterdekk, men utan kjettingar var det ikkje råd. Det er i grunn utruleg at han i det heile kom seg opp. Men på vegen ned hamna han i grøfta ved den fjerde hårnålssvingen, seier Tistel.

Då Tistel og bergingsbilen kom fram til bommen nede ved Vetlefjorden, var det berre éin måte å komme seg opp til havaristen på. Nemleg å rygge dei fem kilometerane opp.

– Eg skodde meg opp med kjettingar, og så måtte eg rygge opp der han stod. Å snu var ikkje noko tema med så store køyretøy, for å seie det slik, seier Tistel.

Er langt ifrå kvardagskost

Etter over 11 år som bilbergar har han vore borti mykje, og også liknande situasjonar, men litt spesielt innrømmer han at det var.

– Det er ikkje kvardagskost, nei, seier Tistel.

Han fekk stadfesta frå eigaren av bilen, som sat i eit anna land, at det var GPSen som hadde ført den polske sjåføren ut i skauen, bokstavleg tala.

– Utanlandske store bilar køyrer mykje etter GPS. Dei vel den snøggaste ruta, men så kjenner dei ikkje heilt til kva den norske geografien byr på. Han køyrde i god tru, og trudde det skulle gå, seier Tistel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stod fast

TRENGDE HJELP: Det polske vogntoget stod fast i den fjerde hårnålssvingen opp frå Gaularfjellet, etter å ha rygga seg ned frå Bårdalstølen.

Foto: Privat

«Big trouble»

Sjølv om vegen er brøytt eit lite stykke, er vegen framleis godt skilta som stengd ved Dragsvik.

– Men då vi kom fram forstod vi fort at språkkunnskapane var heller dårlege. Vi klarte ikkje å kommunisere. Alt han sa var "big trouble". Og det var for så vidt rett, seier Tistel.

Bilen var utan last, noko som var ein stor fordel då bilen skulle derifrå att.

– Han skulle til Florø for å laste fisk, seier Tistel, som brukte i overkant av fem timar på redningsoperasjonen.

– Det gjekk i grunn greitt når ein tenkjer på tilhøva, seier Tistel.

Å rygge fem kilometer i motbakke var ikkje noko problem.

– Eg var godt skodd, så det gjekk fint. Det var verre for han som skulle ned, seier Tistel.

Måtte dra i kvar einaste sving

For å berge semitraileren, måtte dei først leggje på kjettingar. Deretter tok snigleferda til nedover dei tronge svingane.

– Det er ikkje mykje å manøvrere ein semitrailer på der. Det er i grunn gale nok på sommarføre, seier Tistel.

Så for kvar sving så måtte dei bruke redningsbilen til å korrigere semitraileren med, slik at han ikkje hamna uti huttiheita.

– Spesielt i hårnålssvingane var det ikkje sjanse utan at vi drog i hengaren, seier Tistel.

Trass i manglande språkkunnskapar, var det ikkje vanskeleg å forstå kva sjåføren tykte då dei omsider var nede ved Sognefjorden.

– Det var ikkje tvil om at han var veldig, veldig letta, seier Tistel.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.