Hopp til innhold

Dreiv på i over tre timar for å berge stranda kval

Anne Karin Aalhus og Jan Sverre Grotle ville ikkje la den stranda kvalen ende sine dagar på Grotlesanden. Difor fann dei til slutt fram båten og fekk taua han ut på djupare sjø.

Kvalen på Grotlesanden

LA I VEG: Etter å ha fått litt hjelp, la til slutt kvalen i veg mot djupare vatn.

Foto: Anne Karin Aalhus

– Vi batt til slutt eit tau rundt halefinnen hans, og så drog vi han eit stykke utover, fortel Aalhus.

På første forsøk klarte kvalen å vri seg ut av tauet, og sumde beint inn att til land.

– Men så prøvde vi ein gong til, og drog han endå lenger ut. Då fekk vi han til å snu, og fekk lurt han lenger ut på djupare sjø, seier Aalhus.

Etter å ha sleppt kvalen, køyrde dei endå lenger ut med båten, og låg i ro for å sjå kva dyret fann på.

– Då såg vi at han for utover fjorden. Det var utruleg kjekt å sjå. Det redda dagen min, seier Aalhus.

Sette seg fast på Grotlesanden

Kvalen vart oppdaga av Grotle i 10-tida, og sidan då har Aalhus vore med i operasjonen med å få det tre og ein halv meter lange dyret ut att på djupna.

Det vart først forsøkt å dra kvalen ut med handmakt, men kvar einaste gong sumde han opp att på grunna. Til slutt låg han heilt fast på Grotlesanden.

– Det er jo eit slikt vakkert dyr, og vi ville ikkje at han skulle liggje her og oppleve ein grufull død, seier Aalhus.

Ho legg ikkje skjul på at det var rørande å sjå det store dyret leggje i veg utover.

– Det var kjempeflott å sjå han dra til havs, seier Aalhus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stranda kval på Grotlesanden
Foto: privat

Frykta det verste

Men ho var ei stund uroa for korleis det skulle gå.

– Det var ikkje noko kjekt å sjå han liggje der på sanden. Vi vil jo helst at slike flotte dyr skal få vere på havet der dei høyrer heime, seier Aalhus.

Ho er ikkje sikker på kva slags kval det er dei har redda, men har tenkt å ta Internett i bruk for å sjå om dei finn ut kva slag det er.

Kvalen på sym

HAR TRUA: Anne Karin Aalhus håpar og trur kvalen no held seg vekk frå land, etter at han vart taua ut i djupare sjø.

Foto: Anne Karin Aalhus

Og når det har gått nokre timar, kjem dei til å ta turen ned att på Grotlesanden, for å sjekke.

– Vi lyt det. Men eg har tru på at han drog rette vegen, seier Aalhus.