NRK Meny
Normal

Slik reagerte ordførarane

Ordførarene i fylket var stort sett positive til forslaget frå styringsgruppa i Helse Førde om å oppretthalde eit sentralsjukehus i Førde og gjere Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus om til lokalmedisinske senter utan sengepostar.

Arild Ingar Lægreid, Arne Sanden og Olav Ellingsen

Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal, ordførar Arne Sanden i Lærdal og ordførar Olav Ellingsen i Aurland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Her er nokre av reaksjonane frå ordførarane i Sogn og Fjordane.

Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar (Ap):

- Vi er kome til ein dramatisk og nødvendig korsveg i fylket. Vi har ikkje råd til å rive kvarandre i filler i dette fylket. Det uroar meg å høye kor skråsikre folk er på korleis dei vil ha det og korleis det vil bli dersom dei ikkje får det som dei vil. Samhandlingsreforma er nødvendig, og no må vi slutte å slåst på kvar tue. Vi kan ikkje gjere det slik at folk må ut av fylket for å få nødvendig helsehjelp. Eg oppfattar det slik at eit av dei tre forslaga er ute av biletet allereie, slik statsråden har sagt det.

- Eg trur ikkje fylkeskommunen vil lande på eit forslag som betyr at Sogn og Fjordane ikkje skal ha eit sentralsjukehus i framtida.

Roger B. Silden, ordførar i Vågsøy (Ap):

- Eg er ordførar for den kommunen som har lengst avstand til Førde. Det våre innbyggjarar er opptekne av er reisetid. Folk er urolege over lang reiseavstand. Fagmiljø og bemanning er viktig.

- Vi er betenkt over å ende opp med eit sjukehus i fylket, og det er på grunn av avstand. Vi må gjere noko med ambulansetenesta, som allereie i dag er eit problem.

- Lokalmedisinske senter trudde eg vi i kommunane skulle få vere med å byggje opp som ein del av samhandlingsreforma, ikkje slik som no at dette kjem for å rydde opp i den økonomiske situasjonen i Helse Førde.

Nils Gjerland, ordførar i Førde (Sp):

Nils Gjerland

Nils Gjerland

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Mange har teke det som sjølvsagt at sentralsjukehuset er der og alltid kjem til å vere der. Samtidig har vi sett at tilbodet ved sentralsjukehuset har forvitra på fleire hald, ikkje minst det tekniske utstyret. Noko må gjerast.

- Eg oppfatta statsråden som rimeleg tydeleg på at det som vart lagt fram i dag er gode og framtidsretta tilbod.

Sonja Edvardsen, ordførar i Eid (Ap):

Marta Finden Halset og Sonja Edvardsen

Eid-ordførar Sonja Edvardsen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Eg blir uroa når vi før samhandlingsreforma er vedteken skal gå i gang med eit forslag som betyr to lokalmedisinske sentre som etter mi meining ikkje er lokalsjukehus. Eg oppfattar dette som vi står igjen med eit sjukehus i Sogn og Fjordane og to lokalmedisinske senter i Lærdal og Eid.

Arne Sanden, ordførar i Lærdal (Ap):

- Vi har sett fram til dette møtet med stor spenning. Eg er overraska over det vi fekk presentert i dag. Likevel vil eg seie er at eg er glad for at vi er i ein slik prosess no. Vi treng å få avklart kva helsetilbod vi skal ha i fylket framover. Behovet for endringar er tilstades. Eg er overraska fordi eg hadde forventningar om at vi skulle fått oppretthalde dei spesialmedisinske tilboda vi har hatt i Lærdal før denne prosessen. Styret vil noko anna. Eg vil ikkje seie ja takk til å misse dei tenestene.

- Vi får store utfordringar i Sogn med dette forslaget. Dette blir ikkje enkelt for oss.

Arve Helle, ordførar i Fjaler (Ap):

Arve Helle

Arve Helle

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Ryddig og godt presentert frå styringsgruppa i Helse Førde. Det var framtidsretta forslag. No håper eg Helse Førde får køyre denne prosessen. At Helse Vest står bak dette, og at det ikkje blir innblanding frå stortinget og regjeringa som vi tidlegare har sett. Eg tolkar statsråden i dag som ein god start.

- Vi treng eit robust sentralsjukehus, og eg er overtydd om at vi treng eit sterkt sentralsjukehus i framtida.

Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal (Ap):

Marta Finden Halset og Jarle Aarvoll

Ordførarane Marta Finden Halset i Vik og Jarle Aarvoll i Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Eg trur at robuste fagmiljø og rekruttering er det viktigaste no vidare. Vi skal saman byggje opp eit best mogeleg tilbod for alle i fylket.

Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal (Ap):

- Mitt utgangspunkt er at vi må ha eit sterkt sentralsjukehus i Sogn og Fjordane. Ros til arbeidet som er gjort av styringsgruppa. Tre mindre sjukehus i fylket vil ikkje virke etter intensjonen, altså modell tre. Modell ein med eit sterkt sentralsjukehus og to medisinske senter er heilt i tråd med mitt syn om eit godt fagleg helsetilbod til alle i fylket.

Tore Bråstad, ordførar i Hyllestad (Sp):

- Styringsgruppa har gjort eit godt arbeid. Viktig å koble samhandlingsreforma med det arbeidet vi skal gjere no. For meg er det viktig med sterke lokalmedisinske senter, ikkje sju-åtte svake sentre i kommunane. Vi er berre 107000 innbyggjarar og det må vi ta inn over oss. Vi må også ta innover oss at kommunikasjonane har vorte betre. Også på kysten er det lange avstandar, så langt at måsene snakkar engelsk. Ja så langt at far min som bur i Gulen må stoppe hos meg for å ete når han skal på sjukehuset i Førde.

Anders Ryssdal, ordførar i Gloppen (Sp):

- Eg har fleire spørsmål enn bastante meiningar i dag. Økonomi er viktig. Fleire har snakka om berekraftige fagmiljø, men korleis heng det saman med kutt i fleire stillingar i føretaket. Det får eg ikkje til å henge i hop.

Jenny Følling, ordførar i Gaular (Sp):

- Vi treng robuste fagmiljø som gjer at flinke medarbeidarar blir verande i fylket. Det er viktig i denne saka. Kommunane må også gjere ein jobb. Det er ille at vi har så mange utskrivingsklare pasientar på sjukehusa fordi kommunane ikkje kan ta i mot dei. Det må vi få til.

Torodd Urnes, ordførar i Luster (Krf):

Torodd Urnes

Torodd Urnes er ordførar i Luster.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Takk til statsråden for ein klar bodskap. Alt kan ikkje vere som tidlegare. Ros også til presentasjonen med ein spenstig konklusjon. Det viktige for meg er å ha eit god helsetilbod så nært som mogeleg. Frykta for meg var å få tre lokalsjukehus. Eg håper styret i Helse Førde får arbeidsro til å halde fram arbeidet sitt.

Gerd Dvergsdal, ordførar i Jølster (Sp):

- Eg er ordførar i Jølster og glad for at vi skal få behalde ambulansen. Viktig no at vi kan gjere vår jobb i kommunane med å ta i mot pasientar som er utskrivingsklare.

Nils P. Støyva, ordførar i Stryn (Ap):

Nils P. Støyva og Oddvar Nilsen

Ordførar Nils P. Støyva i Stryn og Oddvar Nilsen i Helse Vest-styret.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Ryddig og greitt presentert dette, men eg har nokre spørsmål. Kva innhaldet i lokalmedisinske senter er. Kva slags samhandling som skal vere med andre føretak om fødetilbodet. Eg må ha meir kjøt på beinet for å seie ja og amen. Vanskeleg å gå 30 år tilbake og kutte i sentralsjukehuset, men dette skal vi ha ein ryddig prosess på.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.