Hopp til innhold

Slik reagerte bondelagsleiaren då han vart presentert for tilbodet frå staten

Då leiar i Sogn og Fjordane Bondelag vart presentert for forslaget til jordbruksoppgjer frå staten vart han mållaus.

Per Hilleren

MÅLLAUS: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, har knapt ord for tilbodet i jordbruksoppgjeret.

Foto: Eline Buvarp Aardal / NRK

– Dette blir krevjande. Eg har problem med å finne ord, seier Hilleren.

Bøndene krev eit jordbruksoppgjer med 1.500 millionar kroner meir i potten. Men regjeringa svarte i dag med å tilby ein auke på 150 millionar kroner – berre ti prosent av det bøndene stilte krav om.

– Regjeringa legg opp til ei direkte nedbygging av norsk matproduksjon med dette tilbodet dei kjem med no. Dette betyr at dei ikkje vil styrke norsk matproduksjon, seier Hilleren.

Er ein solid nedtur

Han understrekar at han ikkje veit i detalj kva som ligg i tilbodet, då han ikkje har sett det med sjølvsyn. I tilbodet frå staten i dag, føreslår det Frp-styrte Landbruks- og matdepartementet å kutte reine overføringar frå staten med 250 millionar kroner.

Staten vil i utgangspunktet gå med på å auke totalramma i oppgjeret med 150 millionar kroner – altså 1.350 millionar mindre enn det bøndene ønskjer.

Samtidig som staten vil kutte i løysingane, går dei inn for at forbrukarane må betale meir for norsk mat.

– Dette var ein nedtur. Så får vi summe oss litt når vi har fått lese på det. Men dette var ikkje mykje å hoppe i vêret for, seier Hilleren.

Lite oppløftande signal

– Er du overraska?

– Eg er overraska over at regjeringa ikkje syner at dei vil ha ein auka matproduksjon. Dei seier at dei vil det, men eg kan ikkje skjønne at det er det dei vil med det dei no legg fram, seier Hilleren.

Det er knapt to veker sidan Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag la fram krava frå jordbruket for staten. Dei kravde ein auke i inntektene på 35.000 kroner per årsverk.

– Det er lite oppløftande frå regjeringa at dei ikkje syner større vilje til å imøtekomme det som faktisk er det reelle behovet for norsk landbruk i dag, seier Hilleren.

Hadde ikkje trudd det vart så gale

Kor sannsynleg det er at partane vert samde i årets jordbruksforhandlingar, vil han ikkje meine så mykje om.

– Vi må setje oss ned og sjå kva som ligg i det, og så får vi ta eit steg om gangen, seier Hilleren, som ikkje legg skjul på at han er skuffa.

– Signala som dei har sendt ut i den seinare tid har ikkje vore med på å korkje roe oss eller gi oss optimistisk tru. Men eg hadde ikkje trudd det skulle bli så gale. Så skuffa er eg, utan tvil, seier Hilleren.