NRK Meny
Normal

Vart møtt av jubel då dei kom fram til dei skorfaste elevane

Fjellførar Sigurd Felde har sjeldan fått slik mottaking som då han og kollegaen kom fram til dei 15 elevane og læraren som natt til onsdag sat skorfaste på Lodalskåpa.

Så glade vart elevane over å bli redda

KJEKT: - Det er ekstra kjekt å vere med på redningsoppdrag når alt ender godt, seier Sigurd Felde (t.h.). Til venstre dei nøgde, men slitne elevane etter at dei hadde vorte frakta ned.

Foto: privat

– Det var full jubel då vi kom. Det er ikkje kvar dag ein opplever å bli møtt med jubel klokka 23.30 om kvelden, så stemninga var god, fortel Felde, som er fjellførar hjå Norgesguidene i Sogndal.

Folkehøgskuleelevar

SKORFASTE: Den årlege opningsturen vart ikkje som den plar for elevane frå Nordhordland Folkehøgskule.

Foto: Henning Iversen

Saman med ei annan fjellførar vart han i 23.30-tida tysdag kveld firt ned på breen frå ambulansehelikopter, og gjekk 500 meter til fots fram til følgjet som hadde gått seg skorfast på Jostedalsbreens høgaste fjell, Lodalskåpa 2083 m.o.h.

Elevane og læraren frå Nordhordland Folkehøgskule hadde vore på Lodalskåpa i samband med ein årleg opningstur av skuleåret, ein tur som er rekna å ta 12 timar tur-retur.

Meiner dei tok ei fornuftig vurdering

På vegen ned att vart dei overraska av tett tåke, og valde sjølve å kontakte politiet for å få hjelp til å komme seg ned.

Dermed vart dei ståande på vel 1700 meter i Breheimen vest for Lodalskåpa, like nord for Ståleskaret.

Sigurd Felde

FJELLFØRAR: Sigurd Felde har sjeldan fått slik mottaking som då han kom fram til dei skorfaste folkehøgskuleelevane.

Foto: Henning Iversen

Det meiner Felde var ei smart vurdering.

– Det var fornuftig. Å gå i sprekk- og blåisområde der du lett kan navigere deg feil og gå utfor skrentar og stup, skal ein vere forsiktig med, seier Felde.

Ståleskaret ligg oppe på sjølve platået, og det er ikkje langt bort til der breen knekkjer ned mot både Bødalen og Kåpevatnet.

– I dei området blir sprekkane både større og hyppigare. Det var nok det dei også erfarte. Så det å halde seg i ro i tåka, er ganske smart, seier Felde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lodalskåpa

MAJESTETISK: Lodalskåpa (2083 m.o.h.) er Breheimens høgaste topp og ligg på grensa mellom Stryn og Luster kommunar i Sogn og Fjordane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Såg vestsida var innhylla i tåke

Felde og den andre fjellføraren vart flogne opp frå søraust-sida, frå Jostedal-sida, og der var vêret heilt annleis enn på andre sida av Lodalskåpa.

– Det var nydeleg vêr. Eg vart plukka opp i Sogndal, og då eg forlèt bilen min var det 17 grader i Sogndal, seier Felde.

Folkehøgskuleelevar skorfaste på Lodalskåpa

SLITNE: Godt trøytte og slitne vart elevane henta ned etter over ti timar i fjellet.

Foto: Henning Iversen

Men når ein er nesten oppe i 2000 meters høgd, endrar vêret seg fort på kort tid. Og fint vêr på eine sida av eit fjell, treng ikkje å bety bra vêr på andre sida.

– Då vi kom opp på breen såg vi at vestsida av breen var innhylla i tåke, og det var nok også det som skapte problem for dei som stod der oppe, seier Felde.

Han fortel at følgjet stod fast ved Ståleskaret, som ligg ved foten av Lodalskåpa.

– Det er vanlegvis ein grei overgang viss ein skal gå på Lodalskåpa frå Bødalssetra. Ståleskaret er ei vindgryte som består av blåis som er full av sprekkar. I år er det veldig avsmelta samanlikna med tidlegare år, seier Felde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Elevar berga av helikopter. Foto: Hans Henrik Gjeterud.

FILMA SJØLVE: Elevane filma då dei vart henta ned av luftambulansen.

Måtte flyge mange turar

Han understrekar at sjølv om elevane og læraren stod skorfast, så var det ikkje noko dramatikk knytt til det.

– Dei stod greitt til og det var ikkje nokon utsett plass å stå. Men dei var nok litt kalde og slitne, seier Felde.

Dei første elevane vart flogne ned i 02-tida, men luftambulansen måtte ta mange turar før alle var trygt nede i Jostedalen, der det var etablert mottak.

– På første turen fekk dei berre med seg to personar. Men etter kvart som dei fekk mindre og mindre drivstoff, vart helikopteret lettare. Så på siste turen før dei måtte dra for å etterfylle drivstoff, hadde dei med så mange som fem elevar, seier Felde, som var blant dei siste som vart flogne ned.

Hans Henrik Gjeterud

DRAMATISK: Hans Henrik Gjeterud og medelevane var jublande glade for å få hjelp der dei stod skorfaste på Lodalskåpa.

Foto: Privat

– Eg var vel i seng 05.45 i natt, så det blei ikkje så mange timar på auget. Men det gjer ikkje så mykje, seier Felde, som er glad for at alt enda vel.

Og i dag skal han kurse Norsk Luftambulanse

– Når ein vert kalla ut, så veit ein aldri heilt sikkert kva ein vert kalla ut på. Det er alltid spennande å komme fram og få vite kva som eigentleg har skjedd og er problemet, seier Felde.

– Det er veldig kjekt når det går så bra som dette her. Det er givande og kjekt, seier Felde, som utruleg nok i dag skal til Finse der han skal halde brekurs for Norsk Luftambulanse.

– Det eine temaet er å lande på bre og ta seg fram til skadde frå helikopter, så det vert nok lærerikt for dei også, seier Felde.

Han trur og håpar at elevane ikkje har teke skrekken etter opplevinga.

– Vi fekk etter kvart opp mat til dei, og då fekk dei raskt varmen i seg. Etter ei stund letta tåka, og då var det eit fantastisk syn. Fullmåne og stjerneklart. Det trur eg dei vil hugse for alltid, seier Felde.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser