– Sjå der, ja! Står vi slik på medaljeseremonien i VM, så må vi vere godt nøgde, ler Johannes Thingnes Bø då han får sjå biletet NRK.no har teke med til sesongstarten på Sjusjøen.
Saman med Tarjei Bø mimrar han tilbake til 2007, då biletet vart teke av Fjordingen-fotografen Ove Sveen under Vestlandsmeisterskapen i Stryn.
Begge vann klassen sin under meisterskapen, og kva var vel meir naturleg enn at lokalavisa sikra foto av dei lokale heltane.
– Det er eit artig syn. Eg er vel 18 år, og Johannes er vel 13. Kven skulle trudd at vi begge skulle bli blant verdas beste skiskyttarar, halvt spør og halvt konkluderer Tarjei.
- LES OGSÅ:
Trur begge kjem på pallen i vinter
Sist sesong kom Johannes Thingnes Bø med dunder og brak inn i verdseliten i skiskyting. I sin første sesong på toppnivå klinte han til med fem sigrar i verdscupen. I helga stadfesta han posisjonen i toppen med ein niande- og femteplass i sesongstarten.
Mykje har med andre ord skjedd sidan biletet vart teke for snart åtte år sidan...
– Eg hugsar at Tarjei var junior-stjerne. Eg var stolt lillebror som kunne heie på han og få litt landslagsklede. Det var stort, smiler Johannes.
- LES OGSÅ:
No drøymer han om å ta sin aller første VM-medalje. Det er heilt klart innan rekkevidde for den offensive 21-åringen - og då kan han «risikere» å måtte dele sigerspallen med broren.
– Det hadde vore heftig, seier Tarjei.
– Er det mogleg?
– Ja. Begge er gode nok til å klare det. Om vi klarer det på samme dag, vil det vere ekstra spesielt. Eg trur nok vi begge er på pallen i løpet av sesongen, men det gjeld å treffe på den samme distansen, seier Tarjei.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Skal finne tilbake til seg sjølv igjen
Fjorårssesongen vart ein skikkeleg nedtur for Tarjei Bø. OL vart ein fiasko med ein 26. plass som beste individuelle resultat. Han vart også ståande utan ein einaste verdscupsiger. Uvant kost til han å vere.
No er 26-åringen klar for å komme sterkt tilbake. Han har lagt bak seg den beste oppkøyringa han nokon gong har gjort. Laurdag gjekk han inn til fjerdeplass - og signaliserte at han er tilbake der han skal vere. I toppen.
- LES OGSÅ:
– Eg har sett meg som mål å komme høgst mogleg i verdscupen samanlagt, og å vere god frå start til slutt. Stabiliteten var styrken min for nokre år sidan, og eg vil gjerne finne tilbake til det, seier han.
– Dessutan veit eg at viss eg er god i starten av sesongen, så er eg god i meisterskap også, legg han til.
Draumen er å ta det første VM-gullet
Også Johannes Thingnes Bø er svært godt nøgd med treningssommaren. Han er kanskje den på landslaget som trenar minst, men han er vel så oppteken av å gjere ting rett. Det trur han skal gje suksess.
– Sesongen i fjor var rå. Enkelt og greitt. Det blir vanskeleg å kopiere fem verdscupsigrar, men det ser lyst ut. Eg synest eg er i rute, seier han.
- LES OGSÅ:
Etter at sesongstarten på Sjusjøen no er overstått, er det berre nokre veker igjen til verdscupsirkuset startar i svenske Østersund. Deretter går det slag i slag. Seinare i vinter ventar VM i finske Kontiolahti. Der har Thingnes Bø gjort det godt før.
– Eg vil gjerne ta min første VM-medalje. Og draumen er sjølvsagt gull. Men medalje vil ikkje vere dårleg for ein 21-åring, heller, seier han.