Hopp til innhold

Då hjorten brølte, brølte Bjarne tilbake - men då...

Bjarne Huseklepp ville berre svare hjorten som stod i skogen og brølte. Det skulle han ikkje ha gjort ...

Bjarne Huseklepp

SKUMMELT: Bjarne Huseklepp var ikkje høg i hatten då hjortebukken fann ut at han ville sjå nærare på kva slags type det var som brølte si skogen.

Foto: Arne Nævra/Silje Guddal / NRK

Sjølv om det er 30 år sidan det hende, sit minna som spikra hjå den ivrige jegeren og friluftsmannen Bjarne Huseklepp.

– Det var i oktober i 1983. Eg hadde vore på rypejakt heime, og så kom det nokre skikkelege snøbyer, slik at eg måtte gå heim att, fortel Huseklepp.

På vegen ned att, passerte han nokre skikkelege brunstgroper.

– Det er er slike groper der hjorten ligg og badar seg og skitnar seg skikkeleg til. Eg såg at det nyleg hadde vore ein hjort der, fortel Huseklepp.

Brølte så godt han kunne

Han traska vidare og kom nedom stølen og ned på ei lang myr.

– Og då høyrde eg hjorten brøle. Det var første gong eg opplevde det. Og eg, min tosk, om eg så for seie det, tok og brølte tilbake så godt som eg kunne, seier Huseklepp.

Men det skulle han kanskje ikkje ha gjort. For den brunstige hjorten tok tydelegvis brøla på alvor, og tenkte vel kanskje sitt om han som stod og "grynta" i skogen.

– Det gjekk om lag eitt minutt, og så svara hjorten. Og eg svara igjen. Og tida i mellom vart kortare og kortare, fortel Huseklepp.

Men så vart det heilt stilt...

Så var det brått ikkje ein lyd å høyre. Absolutt ingenting.

– Eg stod der og venta. Og så oppdaga eg i venstre augekast at det var eitt eller anna borte på myra. Dette var jo i 1983, då eg var på maratonlandslaget. For å seie det slik, eg er glad for at eg kunne å springe, fortel Huseklepp.

For hjortefar var slettes ikkje interessert i nokon rival, og det var slett inga unnskyldning at Husekleppen berre hadde to bein.

– Eg våga rett og slett ikkje å sjå tilbake. Heldigvis så hadde vi eit djupt søkk mellom oss. Så eg går ut ifrå at han tenkte seg om. Men hadde han komme, så hadde det vore ein situasjon der eg hadde komme ganske dårleg ut, seier Huseklepp.

Vågar ikkje tenkje på kva som kunne hendt

For det var ikkje tvil om kva hjortefar meinte om slik brøling i skogen.

– Eg vågar ikkje tenkje på kva som kunne skjedd der, seier Huseklepp, som er glad han slapp frå det med skrekken.

Han er samd i at det er ei fantastisk oppleving dersom ein får hjorten til å svare på brølinga, så det er berre å brøle i veg. Men han ber folk ha tenkt gjennom eit par ting først.

– Men syt for all del for at du veit at du er trygg, før du gjer det, seier Huseklepp.