NRK Meny
Normal

Slik prøver han å kvitte seg med den ubrukelege kontorstolen

I fjor haust gjekk Ivar Bruvik Sætre til eit spontaninnkjøp av ein kontorstol. Det skulle han få angre djupt på.

Ubrukeleg stol

FEILKJØP: Ivar Bruvik Sætre innsåg kjapt at stolen var eit feilkjøp av dei sjeldne. No prøver han å selge stolen han sjølv karakteriserer som ubrukeleg.

Foto: Ivar Bruvik Sætre

«Del gjerne viss du kjenne nokon som elska ubrukelege stola.»

Slik startar annonsen som førdianar Ivar Bruvik Sætre la ut på Facebook i går. Då hadde hatet mot stolen og smertene i nedre ryggparti, fått bygt seg opp lenge nok.

– Eg heldt ut lengre enn eit menneske burde, seier mannen bak annonsen – og stolkjøpet.

Stolen kan ved første augekast sjå grei ut, då den trass alt er forma som ein stol. Ditta er dessverre både det første og siste punktet på den svært korte lista over positive ting ved stolen.

Frå annonsen

– Ikkje spesielt opptatt av komfort, men...

Responsen lét ikkje vente på seg. På eit døgn har over fem hundre personar likt annonsen. Men potensielle kjøparar er det lengre mellom.

– Det var faktisk éin som lurte på om stolen var i Førde og om den var seld, så det kan tyde på at han er interessert. Men eg gløymte å nemne at eg er i Bergen, så eg trur ikkje eg får selt den, seier Bruvik Sætre.

Sint stolkjøpar

ÆRLEG ANNONSE: Førdianaren har fått god respons på annonsen han la ut. Men ingen kjøparar enno.

Foto: Skjermdump frå Facebook / NRK

Stolen vart kjøpt på Ikea. Det gjekk raskt opp for studenten at dette var eit feilkjøp. Likevel heldt han ut heilt fram til no.

– Kor dårleg kan ein stol eigentleg vere?

– Dårlegare enn du skulle tru. Eg er ikkje spesielt opptatt av komfort, men denne stolen viste meg kor ubrukeleg ein stol kan vere. Eg trur faktisk eg har fått betennelse i halebeinet, så eg måtte berre slutte å bruke han.

I ettertid ser eg likevel på meg sjølv som heldig, ettersom eg er sikker på at dinna stolen i verste fall er i stand til å gi deg ryggkomplikasjonar som berre eit par sveitsiske spesialistar kan namnet på.

Frå annonsen

Har lært ei lekse

No kan han angre djupt på at han ikkje høyrde på kompisen som føreslo å prøvesitte stolen før han kjøpte den.

– Eg er litt spontan, eg såg den billigaste og tenkte «då tar eg den», seier han.

No har han blitt henvist til senga når han skal gjere skulearbeid. I mellomtida sit han att med ein stol han truleg ikkje blir kvitt, i tillegg til ein støl bakende. Men ein ting har han lært.

– Eg har lært at stolar ikkje berre er stolar. Viss du skal sitte fleire timar på eit møbel, då bør du verkeleg prøve det først. Viss ikkje kan du bli støl og få vondt, seier han.

Eigentleg er "sitting" ein ganske dårleg skildring av aktiviteten du drive med på dinna stolen. Eg foreslår heller "å smertefullt eksistere på dens kontaktflate".

Frå annonsen
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå