Hopp til innhold

Slik prisar vi våren i Sogn og Fjordane

Onsdag blir vekas finaste vårdag, seier meteorologen. Her kan du sjå glimt frå heile Sogn og Fjordane.

Fagernes i Luster
Foto: Gunnar Orrestad

Det er ikkje tvil om at finvêr og lysare tider gjer dei fleste i godt humør, og det ser vi også på dei flotte vårbileta som de sender inn til oss både via Instagram, på SMS og e-post.

Ifølgje meteorologen skal onsdagen bli ganske så bra. Det er meldt skiftande bris, på kysten nordleg bris. Det vert lokal tåke i låglandet, særleg i indre strøk og i nord, noko bileta i galleriet vårt stadfestar.

– Det ligg ein del tåke både i Nordfjord og i indre Sogn, men noko av det lettar i løpet av dagen, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Temperaturane for onsdag blir rundt åtte-ti grader på dagtid, og det er også mildt i høgfjellet.

– Det er såkalla inversjon som gjer at det er varmt i høgda og kaldt i låglandet, seier Hassel.

Blir meir overskya utover veka

Men torsdag vert skya og delvis skya, litt lågare temperatur og stort sett opphald.

– Fredag kan det komme einskilde byer, spesielt nord i fylket. Onsdag er utan tvil finaste dagen denne veka, seier Hassel.

Send oss gjerne fine vårbilete, anten via sms til 1987 med kodeord sf, Instagram merka med #nrksf eller på e-post sf@nrk.no

Sjå alle dei flotte bileta som er merka med #nrksf:

Laster innhold, vennligst vent..