NRK Meny
Normal

Slik påverkar vegstenginga Årdal

No er alle vegar inn til Årdal kommune stengde, og 5000 menneske er heilt isolerte. Dette får konsekvensar for industrisamfunnet.

Hydro Aluminium sin fabrikk i Øvre Årdal.

ISOLERT: Årdal er heilt isolert frå omverda.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

– Det er ikkje ein situasjon vi likar, og det blir jo verre når det blir meir langvarig, seier fabrikksjef Wenche Eldegard ved aluminiumsfabrikken til Hydro.

Med kring 700 arbeidsplassar er industrigiganten den klart største arbeidsplassen i bygda.

Etter eit stort steinras og dårleg ver på fjellet, er Årdal kommune no heilt isolert. Omkøyringsveg etter raset var Årdal-Tyin, men rundt klokka 1130 søndag vart den vegen stengd grunna mykje snø og vind.

Eldegard vil likevel understreke at dei framleis er ganske rolege, sjølv om kommunen dei held til i kan stå utan vegsamband i fleire dagar.

Wenche Eldegard

HAR NOK FOLK: Wenche Eldegard ved Hydro i Årdal seier at dei har nok folk til å takle situasjonen godt.

Foto: Johan Moen / NRK

– Det viktigaste for oss er å få inn råstoff, og å få ut ferdig metall. Begge deler skjer på båt uansett, så der får ikkje vegstengingane noko å seie for oss. Utfordringa er folk som skal på jobb, og som ikkje bur i Årdal.

Fabrikksjefen seier at dei løyser det både ved at det blir ein god del overtid på dei som bur i Årdal, pluss at ein god del pendlarar no har lagt seg inn på hotell.

– Ein del av dei som var på jobb i går har blitt verande her i Årdal, i staden for å reise heim til nabokommunane.

Raset i Årdal

RAS: Eit stort steinras stenger fylkesveg 53 inn til Årdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bra trykk på hotella

På Klingenberg Hotel stadfestar resepsjonist Sissel Holsæter at dei merkar pågang etter at det vart kjent at bygda blir ståande utan veg.

– Vi har mellom anna ein del folk frå Lærdal som jobbar på Hydro, ja.

Er hotellet fullt?

– Nei, det er eit bra trykk, men det er ikkje meir enn at vi klarer å takle det, seier Holsæter.

Set inn båtar frå måndag

Frå måndag morgon klokka seks vil det bli sett inn passjerbåtar som kan frakta folk til og frå kommunen. Det blir avgangar ein gong i timen og den første avgangen frå Årdalstangen blir klokka 06.35. Første avgang frå Fodnes er klokka 07.05. Her kan du lese den fullstendige ruteplanen.

– Eg håpar og trur at båtane vil kalre å ta unna det meste av persontrafikken, seier ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

Den nest største arbeidsplassen i bygda er silisiumsplateprodusenten Norsun. Fabrikksjef Steinar Talle fortel at dei har mange pendlarar, og at problemet kanskje er endå større for dei enn for nabobedrifta Hydro.

– Sjølv om vi er mange færre tilsette med våre 200, vil eg nesten tippe at vi har fleire pendlarar enn Hydro. Vi har veldig mange tilsette ifrå Sogndal og Lærdal.

Talle seier at stengingane kjem til å bety veldig mykje overtid på dei tilsette som bur i Årdal, og det er ein svært krevjande situasjon.

Arild Ingar Lægreid

HÅPAR PÅ STORE BÅTAR: Ordføraren i Årdal håpar båtane dei set inn frå måndag blir store nok til å ta unna passasjertrafikken.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Helse Førde aukar beredskapen

Helse Førde fortel i ei pressemelding at dei styrkar beredskapen i samband med stenginga av Årdal Tyin og fylkesveg 53 inn til Årdal.

– Frå laurdag kveld ligg det båt i beredskap på Årdalstangen. Ambulansetenesta i Lærdal er og styrka og har to bilar i døgnberedskap. Styrkinga er gjort for å sikre forsvarlege responstider for innbyggjarane sidan reisetida til sjukehus blir lenger som følgje av vegstenginga, står det i pressemeldinga.

Leiinga i kommunen skal treffast klokka 14 for å finne ut korleis dei skal løyse situasjonen vidare. Ordførar Arild Ingar Lægreid seier at dei har fleire utfordringar knytt til beredskap og det å få folk til og frå kommunen.

– Men no har det i alle fall løyst seg slik at vi får pendlarar og skuleelevar på båt frå i morgon tidleg, seier ordføraren.