Hopp til innhold

Slik påverkar «oljekrisa» Sogn og Fjordane

I 2016 vil det vere 100 fleire arbeidsledige i Sogn og Fjordane, men oljenedturen kan også gje tilstrøyming av arbeidskraft til fylket.

Tore Thorsnes, NAV

SEINVERKNADER: Sogn og Fjordane vil merke litt meir til oljekrisa i 2016, seier NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– No må næringslivet i Sogn og Fjordane nytte denne eventyrlege sjansen til å skaffe seg kvalifisert arbeidskraft. Det seier NAV-direktør i fylket, Thore Thorsnes.

2015 var året då oljenedturen tok over Vestlandet. Men Sogn og Fjordane kom godt ifrå det mot det nabofylka gjorde, meiner Thorsnes. Likevel kjem seinverknadane av «oljekrisa» sigande innover fjordfylket.

– Ein del verksemder har utfordringar her i fylket også, sjølv om få verksemder leverer varer og tenester til oljeindustrien, fortel NAV-direktøren.

Arbeidsledige med høg kompetanse

NAV har teke imot 29 varsel om driftsinnskrenkingar, som permitteringar og oppseiingar i 2015, mot seks i 2014. Kommunar som vert hardast råka er Flora og Hyllestad, men også Førde, Høyanger og Vågsøy.

Dei som melder seg arbeidsledige er stort sett menn mellom 30 og 49 år. Desse har gjerne høg kompetanse.

– I tillegg er det ein del personar som er heimehøyrande i Sogn og Fjordane, men som er tilsett i bedrifter som er lokalisert i Rogaland eller Hordaland, seier han.

– Men når ein samanliknar det med til dømes det som skjer i Rogaland, så blir det «peanuts» i forhold, sjølv om næringar som handel og transport også merkar at det er lågare aktivitet.

Må vere motiverte til å flytte

Sjølv om mange på Vestlandet står utan arbeid etter oljekrisa, er det stort behov for arbeidskraft fleire stader. Dette er ein gyllen moglegheit for Sogn og Fjordane, meiner Thorsnes.

– Vi vert utfordra på mobilitet. Det er krevjande å få til det i Norge på ein offensiv måte. Også verksemder vegrar seg for å rekruttere personar som kjem langt vekke frå, seier Thorsnes.

Han meiner det er viktig at folk som er på leit etter arbeid har motivasjon til å flytte på seg. Til dømes kan ein sjå til USA der dei har ein mobilitet i arbeidsmarknaden som Norge berre kan drøyme om.

100 fleire ledige i år

I 2016 og åra framover vil ein framleis vere prega av det som skjedde i 2015.

– Prognosen for Sogn og Fjordane er noko slikt som at det vil vere 100 fleire ledige i snitt i 2016. Det er ingen dramatikk i det, men sjølvsagt dramatisk for dei som vert råka.

Det betyr ein arbeidsløyseprosent på 2,1 i år mot 2,0 i 2015.

– Vi er meir usikre på om dette er starten på ei meir langvarig krise i Norge eller om det kjem til å snu, seier Thorsnes.

Sogn og Fjordane har mykje positive utviklingstrekk, og fleire næringar går veldig bra, fortel Thorsnes og peikar på til dømes oppdrettsnæringa. .

– Vi sel laks som aldri før. Vi har ein del eksportretta industri som òg går godt på grunn av høg kronekurs, seier han.