Hopp til innhold

Slik pakkar du tursekken

Kva skal vere med på skituren? Her får du gode tips om kva sekken bør innehalde slik at du er budd på det meste, og turen vert vellukka.

Turlagsleiar Marino Ask viser deg kva han har i sekken.

PAKKELISTE: Med desse sakene i sekken har du oppskrifta på ein vellykka tur. Dette er innhaldet turlagsleiar Marino Ask har i sin 45 liter store sekk når han skal på dagstur.

– Skal du ut å gå i fjellet, og spesielt utanfor merka løyper i krevjande terreng, då er det ein del ting du bør ta med i sekken, forklarar leiar Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag.

Ein finvêrsdag i påska legg både erfarne og mindre erfarne fjellfolk ut på tur. Sjølv om sola skin og den planlagde turen ikkje er lang, kan det vere lurt å pakke med seg ein sekk med nødvendige saker.

Alt frå klede og mat, til reiskap som kan redde deg dersom uhellet er ute. Ein 40–45 liter stor sekk held for ein dagstur, fortel Ask.

– Det å gå å fryse er ikkje kjekt. Og har du opplevd ein litt krevjande situasjon vert du gjerne flinkare til å pakke dei rette tinga neste gong, seier turlagsleiaren.

TIPS: Ha alltid med varm drikke, ikkje kald. Då slepp du å bruke energi på å få opp kroppsvarmen.

Marino Ask

Det held ikkje berre å ha mobilen med seg for å navigere meiner den røynde turgåaren.

– Det finst mange digitale løysingar, men kart og kompass skal alltid vere med, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Marino Ask

BUDD PÅ DET MESTE: Marino Ask, turlagsleiar i Sogn og Fjordane, har pakka sekken sin. I den har han alt han treng til turen, samstundes som at han er budd på at uventa ting kan skje.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Pakkeliste:

  • Sitjeunderlag: Sitt aldri rett ned i snøen. Ha gjerne med eit liggjeunderlag.
  • Kart og kompass
  • Mobiltelefon: Men stol ikkje på denne. Det er ikkje sikkert du kan bruke den der du er om du treng hjelp.
  • Vindsekk: Kan fungere som eit telt i lag med liggjeunderlaget. Noko av det viktigaste du har med deg.
  • Søkestong
  • Spade
  • Rikeleg med mat og drikke. Gjerne varm drikke framfor kald. Då slepp kroppen bruke energi på å halde oppe kroppstemperaturen.
  • Skibriller
  • Buff/hals
  • Refleksvest: Skulle uhellet vere ute og nokon leitar etter deg, så vert det lettare å sjå deg.
  • Hovudlykt: Sjekk batteria
  • Sportsteip: Kan vere til god hjelp.
  • Solkrem: Påskesola er sterk.
  • Enkelt førstehjelpsutstyr
  • Solbriller
  • Fyrstikker og stearinlys
  • Eit multiverktøy kan vere lurt å pakke.
  • Ekstra klede. Gjerne eit skifte dersom du vert sveitt på veg til toppen. Ull inst, eit mellomlag og så vind- og vasstett jakke. Ekstra sokkar.
  • Vottar: Gjerne to komponentar. Ein ullvott med ein vindvott utanpå.
  • Vindlue: Det største varmetapet har du gjennom hovudet.
  • Dunjakke: Denne kan komprimerast ned ganske mykje slik at den ikkje tek så stor plass.

– Med alt dette i sekken er eg rimeleg bra rusta til å gå på tur.

– Eit siste tips er å ha orden i sekken, så finn du det du skal ha med ein gong du treng det, seier Ask

Sogndalsdalen - blåfjell
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK