Slik organiserer MC-klubbane seg

«Prospect»-medlem opererer som løpegutar i MC-klubbane, og må jobbe hardt for å gjere seg fortente til fullverdig medlemskap.

Prospect-medlem i Hells Angels

LØPEGUT: Det står «prospect» på skinnvesten til Hammer MC-medlemmet. Neste steg er fullverdig medlem. Her kan du lese korleis MC-klubbane organiserer seg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dei fire 1-prosentklubbane Hells Angels, Bandidos, Outlaws og Coffin Cheaters er strengt organiserte, og ifølgje politiet har dei ein tradisjonell hierarkisk struktur.

RETTING: Tidlegare i dag skreiv vi at Hammer MC-medlemmet på bileta har status som «prospect»-medlem i Hells Angels, men dette stemmer ikkje.

Klubben har nekta å gje kommentar eller opplysningar. Det viser seg at han er «prospect»-medlem i Hammer MC, og ikkje i Hells Angels. «Support Club 81»-merket knyttar han likevel til det kriminelt belasta MC-miljøet.

NRK har avslørt at Hammer MC i Florø er offisiell støtteklubb for Hells Angels, som har eit av landets beste organiserte kriminelle nettverk.

Må utføre oppdrag

Hells Angels-jakkemerke

81-MERKET: Dette merket kan kun bærast av medlemmer i Hells Angels sine offisielle støtteklubbar i Norge.

Foto: privat

Bilete som NRK har fått tak i, beviser at medlemmet i Hammer MC har tilknytning til Hells Angels.

For å bli fullverdig medlem i ein klubb, må interesserte gå gradene som prøvemedlem; «hangaround» og «prospect». Neste steg på stigen er fullverdig medlem.

«Hangarounds» må oppfylle opptakskrav for å bli oppgradert til «prospects». Dei som blir dette tek eit bevisst val om at dei støttar det kriminelt belasta miljøet, meiner politiet.

Eit «prospect»-medlem er eit offisielt prøvemedlem for fullverdig medlemskap. Prospects har jakkemerke som knyter dei til klubben, men utan klubblogoen. Dei kan delta på avdelingsmøter, men har ikkje stemmerett.

Ein «prospect» er underlagt alle fullverdige medlemmer og må bevise at han har emne og vilje til å utføre pålagde oppgåver eller møte klubbens forventningar.

Lang og hard veg

Eksempel på lovlege aktivitetar som prøvemedlem utfører, er vakthald, opprydding og bartenester.

Ifølgje politiet er det grunn til å tru at også ulovlege aktivitetar eller omstendigheitene kan styrkje kandidaturet frå «hangaround» og «prospect», til fullverdig medlem. Oppdraga kan vere sal av narkotika, grove tjuveri osv.

Vegen for å bli fullverdig medlem er lang og hard, og ein må gå gradene for å få medlemskap.

I førre veke oppsøkte NRK hovudkvarteret til Hammer MC i Florø, men ingen ville snakke med oss. Vi har også ringt til sentrale medlemmer, men ingen vil la seg intervjue.

Tysdag prøvde vi på nytt å få tilsvar frå Hammer MC, men dei vil framleis ikkje snakke med NRK. Det sentrale medlemmet NRK snakka med, kritiserte NRK si dekning med harde ordelag i den korte telefonsamtalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Interne Hells Angels dokumenter

INTERNE DOKUMENT: Hemmelege møtereferat viser at Hells Angels jobbar med å skaffe seg søtteklubbar over heile landet. Blant dei er Riverside MC i Sogndal.

Foto: Brennpunkt

Hells Angels har oppnemd offisielle støtteklubbar for å vinne kampen mot dei andre kriminelt belasta MC-klubbane. Fleire nye klubbar i landet er potensielle kandidatar til å bli offisielle støtteklubbar til Hells Angels.

Blant dei er Riverside MC i Sogndal, men dei seier at dei berre er ein gjeng som driv med motorsykkel, og ikkje noko meir enn det.

Ofte innblanda i grov kriminalitet

Ifølgje ein politirapport er medlemmene i dei kriminelle MC-klubbane ofte involverte i grov kriminalitet, særleg narkotikainnførsel, omsetnad, torpedoverksemd og vald.

Ifølgje politiet finst det fleire eksempel på prøvemedlem som har oppnådd fullverdig medlemskap kort tid etter domfelling. 75 prosent av Hells Angels sine fullverdige medlemmer er straffedømde, viser tal frå politiet.

Som MC-medlem trer ein ifølgje politiet ut av samfunnet og inn i eit lukka fellesskap med eit sterkt ytre samhald.