Hopp til innhold

Slik vil dei at du skal oppføre deg langs løypa

BALESTRAND/FØRDE (NRK): Når 120 proffsyklistar skal trø seg frå Sogn til Sunnfjord vil arrangørane gjerne at du heiar dei fram langs løypa. Men du må oppføre deg også.

Jan Helge Hoff og Svein Arne Skuggen Hoff

ANSVARLEGE FOR TRYGGLEIKEN: Dette brødreparet frå Årdal har ansvaret for tryggleiken på det fem etappar lange sykkelrittet Tour des Fjords.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Vi vil gjerne at folk står tett opp til løypa. Men ikkje heng inn i vegen med lange banner som kan henge seg rundt syklistane.

Oppmodinga kjem frå brødreparet Jan Helge Hoff og Svein Arne Skuggen Hoff frå Årdal. Dei to karane har ansvaret for tryggleiken på alle etappane av årets Tour des Fjords. Sykkelrittet langs smale og bratte vestlandsvegar startar i dag, med etappen frå Balestrand i Sogn til Førde i Sunnfjord.

Med fem etappar og totalt 881 kilometer som syklistane skal gjennom, er det mykje som potensielt kan gå gale. Timar før starten går i Balestrand er brørne Hoff spente.

– Vi kjenner på det no. Men vi har mange dyktige folk med oss, og har laga ein god plan på dette, så vi trur det skal gå bra.

Tour of Norway 2017

FAVORITT: Edvald Boasson Hagen vann siste etappe og samanlagt i Tour of Norway for tre dagar sidan. Han er favoritt når sykkelsirkuset i dag er kome til Sogn og Fjordane.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Hald dykk unna vegbana

Arrangørane av Tour des Fjords meiner sjølv at rittet er det vakraste sykkelrittet i verda, med sine fem etappar gjennom fjordfylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Det heile startar i dag ved Sognefjorden i Balestrand. Dagens etappe går over Gaularfjellet og Røyrvikfjellet, før ryttarane tek turen oppom Jølster og rundt Jølstravatnet. Derifrå skal dei ei runde rundt Førde sentrum før målgang midt i sentrum.

Det er venta at mange vil stille seg opp langs løypa, og for at det skal gå trygt føre seg for både ryttarar og publikum har dei tryggleiksansvarlege nokre enkle køyrereglar.

  • Lytt til informasjonen som er gitt.
  • Hald deg unna vegbana
  • Ikkje set ting ut i vegbana
  • Vêr obs på at feltet kan sprekke opp. Folk må ikkje gå ut i vegen etter at hovudfeltet har passert, det kan ligge ryttarar så langt bak som ein halv time. Vent til det kjem ein sluttbil, denne markerer at rittet er slutt. Først då opnar vegane
  • Stå gjerne tett inn i løypa, men ikkje heng inn i bana med til dømes banner eller flagg

– På det raskaste kjem syklistane opp i ein fart på 100 kilometer i timen. Då går det fort, seier Hoff og legg til:

– Folk langs løypa er dei beste vaktene vi har. Dei kan passe på rundt sine eigne hus og heimar.

ULLRICH ARMSTRONG MAYO

TOUR DE FRANCE 2003: Lance Armstrong (i gult) gjekk i bakken etter å ha hekta seg fast i ein pose som ein tilskodar heldt ut i løypa. Dette er den typen ting som er alle sykkellrittarrangørar sitt mareritt. Iban Mayo gjekk også i bakken (oransje), medan Jan Ullrich klarte så vidt å styre unna.

Foto: Bernard Papon / AP

Mista nattesøvnen

Vidar Slettehaug er prosjektleiar for den første etappen av årets Tour des Fjords. I dag ser han resultatet av vekevis og månadsvis med jobbing i kulissene. Det er eit enormt sirkus som er sett i sving.

– Rundt 500 personar kjem til fylket i samband med Tour des Fjords, då tel vi laga, støttepersonell, tryggleiksfolk, mediefolk og personell knytt til sjølve rittet.

For å få etappen frå Balestrand til Førde til å gå som smurt er det 300 frivillige i sving. Dei skal stå vakter langs løypa, og blant anna hindre folk å køyre inn i løypa frå dei tallause stikkvegane.

– Eg har vore veldig roleg dei siste dagane, men i går kveld då eg la meg kokte det så mykje at eg fekk problem med å sove, vedgår Slettehaug.