Hopp til innhold

Med denne «bilen» fekk dei fart på bygda

Fredag opna den 35. Vevringutstillinga i rekkja, og det på litt spesielt vis.

Vevringutstillinga

JA, DETTE ER EIN BIL: Denne «bilen» sørga for eit meir enn godkjent støynivå i Vevring fredag føremiddag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Sett utanfrå kunne ein trudd det var mange hissige trafikantar i Vevring fredag. For utanfor Vevring skule vart fløytene på bilar og traktorar brukt flittig. Men det heile handla rett og slett om kunst ...

For fredag føremiddag opna Vevringutstillinga for 35. gong. I alle desse åra har bygda trekt til seg kunstnarar med svært ulike uttrykksformer frå både inn- og utland.

Tut, så skal du få svar

Vevringutstillinga

KUNSTNARANE: Morten Gran og Mona Grønstad.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

I år var det kunstnarane Morten Gran og Mona Grønstad som var med på å gjere Vevring kunstnerisk. Saman med elevane på Vevring skule har dei laga ein slags modell av ein Formel 1-bil som tutar dersom elevane trykkjer på ein knapp. Og det var nettopp dette som var opninga. For når elevane tuta frå sin «bil» svarte folk i bygda frå sine bilar og traktorar. Dette i tråd med namnet på utstillinga: «Honk if you like me».

– Vi har vore her i to dagar no og laga den i lag med elevane, fortel Morten Gran.

– Dei fekk i oppgåve å måle alle desse spilane, eller pinnane, før vi kom. Då vi starta såg det ut som eit Mikado-spel utover heile skulegarden, og så hadde vi ein dag der vi måla for å få mønstera til å passe. Og så var det å montere det opp med drill, så då hadde vi drillkurs, fortel Mona Grønstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vevringutstillinga

FLØYTEKOR: Her tutar folk i bygda saman med elevane og Formel 1-bilen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Kunst, eselbingo og musikk

Dei tykkjer det er spennande å lage kunst saman med born og unge.

– Vi liker veldig godt å trekkje born inn i denne prosessen og få dei til å sjå korleis ting kan vekse. Det er veldig flott å sjå korleis leik, liv og læring går i eitt, seier Gran.

– Det å vere kunstnar å vere leiken, det er jo det vi er, vi blir kanskje aldri vaksne. At dei får møte vaksne som jobbar på den måten er veldig viktig, stemmer Grønstad i.

Også for borna var det mykje å sjå på. Det som fanga interessa mest var nok «krabben» som kanskje eigentleg var ei fluge. I år har også arrangørane gjeve kunstnarar i oppdrag å ta med seg kunstnarar dei likar godt, til Vevring for å bli kjend og deretter lage verk som reflekterer kring Vevring, sett utanfrå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vevringutstillinga

«KRABBEN»: Ein populær skulptur blant dei minste, og mange trudde det var ein krabbe.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Eit slikt verk var eselbingo, som alternativ for kubingo, der folk set pengar på rutene, og ser kor eselet skit først.

Arrangørane fortel også at dei har hatt eit spesielt fokus på musikk i år. Kari Bremnes er blant musikarane som kjem fredag kveld.

– Vi har fått ein kultstatus

Torkil Sandsund, leiar for årets utstillingsnemnd, trur noko av grunnen til at utstillinga har overlevd i så mange år, er at den har fått ein såkalla kultstatus.

Vevringutstillinga

NØGD: Torkil Sandsund, leiar for årets utstillingsnemnd, er godt nøgd med det dei har fått til i bygda.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Den har aldri vore oppe i dei store magasina, men blant kunstnarane, som det har vore mange av her, har den eit enormt godt rykte. På 30-årsjubileeet var kurator Erlend Hammer her og sa at dette var kunstverda sin våte draum. Engasjering av alle generasjonar på tvers av sosiale lag er noko ein har prøvd å få til veldig mange plassar, men her har det berre blitt til av seg sjølv og fungert, seier han.

Men likevel er det sjeldan at arrangørane tenkjer så nøye over korleis dei sjølv må vere når dei skal lage utstilling.

– Eg trur det er det at ein ikkje tenkjer slik som er greia. Det er den fine blandinga mellom smykkekunst og keramikk, samstundes er det stor interesse blant unge kunstnarar til å kome hit. Det blir ei brei utstilling. Eg kan ikkje hugse at vi har fått nei av kunstnarar dersom dei kunne kome, seier Sandsund.