NRK Meny
Normal

Føresler nedlegging av fleire skular

Luster, Dale, Høyanger og Mo og Jølster vidaregåande er mellom skulane som står på kuttlista som fylkespolitikarane no får på bordet.

Norconsult føresler å leggje ned skular.

PRESSEKONFERANSE: Dan Lysne (frå høgre) og Tonje Eide Kristiansen presenterte rapporten frå Norconsult under ein pressekonferanse tysdag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Norconsult presenterte modellane under ein pressekonferanse på Sunnfjord hotell tysdag føremiddag.

Verksemda vart hyra inn til å vurdere alternative modellar som del av fylkeskommunen sitt arbeid med å lage ein skulebruksplan.

Elevtalet i den vidaregåande skulen er venta å gå kraftig ned dei kommande åra. I perioden 2012 til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar. Fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Fylkeskommunen ventar å få mellom 45 og 90 millionar kroner mindre til vidaregåande opplæring fram til 2024.

Modellane frå Norconsult blir sett på som faglege tilrådingar og framlegg i denne samanheng.

Modell1

I den første modellen, som er den med minst inngripen med ein reduksjon frå 13 til ti skular, føreslår Norconsult mellom anna å flytte liner frå Luster til Øyrane, Sogndal og Eid. Linene ved Mo og Jølster vidaregåande si avdeling på Jølster føreslår dei å flytte til Firda vidaregåande skule og Eid vidaregåande skule. Avdelinga blir føreslått slegen saman med Øyrane.

Samstundes føreslår dei auka elevtal på enkelte utdanningsprogram på Øyrane vgs. i Førde og nye programområdet i Florø og Sogndal som følgje av omdisponering av areal.

Norconsult føreslår også fleire tiltak på lengre sikt. Mellom anna utbygging på Eid vidaregåande skule, nedlegging av skulen i Høyanger og tilrettelegging for V2 anleggsteknikk på Mo og Jølster vgs.

Modell 2

Modell 2 gir meir innsparing og reduserer tal skular frå 13 til åtte. I tillegg til Luster og Mo og Jølster si avdeling på Vassenden, er også nedlegging av Dale vidaregåande skule føreslått på kort sikt.

På lengre sikt føreslår dei også her utbygging i Eid, nedlegging i Høyanger, nedlegging i Stryn og ombygging i Sogndal.

Modell 3

I den tredje modellen, som råkar elevane og skuletilbodet hardast, er det føreslått å leggje ned sju av dei 13 vidaregåande skulane. På kort sikt blirÅrdal, Luster, Dale og Mo og Jølster avdeling Jølster føreslått lagt ned på kort sikt, medan også Stryn, Høyanger er føreslått nedlagt på lengre sikt. I tillegg blir tilboda i Måløy føreslått redusert og skulen lagt inn som ei avdeling under Eid vgs.

I tillegg ligg utbygging på Nordfjordeid og utbygging i Sogndal inne som meir langsiktige tiltak.

Vedtak i juni

Det er førebels ikkje utgreidd kva følgjer modellane vil få. Det er planutvalet i fylkeskommunen som 7. november tek stilling til kva modellar som skal konsekvensutgreiiast.

I mars og april neste år legg fylkesutvalet opp til ein høyringsprosess i saka. Denne skal avsluttast i siste halvdel av april. Saka skal slutthandsamast politisk i mai og juni 2013.

Vegopning på Bergum i Førde kommune