NRK Meny
Normal

«Vi må ikkje gløyme dei fem åra vi låg under nazismen»

På denne dag i 1945, for 69 år sidan, måtte Adolf Hitler gje opp sin draum om det tredje riket. I dag var 22 krigsveteranar samla i Florø for å markere 8. mai.

Krigsveteranar

VIKTIG: F.v. Arne Talsæt og Jens Korneliussen var to av 22 veteranar som var samla i Florø for å markere 8. mai.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi må ikkje gløyme dei fem åra vi låg under nazismen. Aldri meir 9. april. Det må vi hjelpe kvarandre til, seier Korneliussen, som er initiativtakar til markeringa.

Frigjeringsdagen 8. mai 1945 kapitulerte tyske militære styrkar etter at dei sidan 9. april 1940 hadde okkupert Norge.

Datoen vert vanlegvis rekna som dei alliertes sigersdag i Europa då den tyske hæren overgav seg, krigen i Europa var over og Hitlers Tredje rike tok slutt.

Var med i Tysklandsbrigaden

Korneliussen er også historikar, og understrekar at 8. mai-markeringa er viktig for han.

– For meg betyr det ganske mykje, for eg har opplevd 2. verdskrig. Eg var blant dei første som var med i okkupasjonen i Tysklandsbrigaden under den britiske sona, fortel Korneliussen.

Han fortel at nordmennene skulle vere vaktsoldatar for å halde oppe fred og ro. Dette skjedde i tidsrommet 1947 til 1953.

– Krigen var ikkje heilt slutt for alle der nede. Det var forskjellige episodar for dei to første brigadane som var nede, men det gjekk bra, heldigvis, seier Korneliussen.

– Vi tenestegjorde med 55.000 soldatar i Tyskland, seier Korneliussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Korneliussen

VIKTIG Å SAMLAST: Jens Korneliussen har stått i spissen for 8. mai-markeringa i Florø.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Høyrde på radiosendingane

Han var 12 år då 2. verdskrig braut ut, og hugsar det som om det var i dag.

– Krigen starta på ein tysdag, og eg hugsar godt at faren min og eg rodde til Florø frå Havikbotn. Då vi kom ut i byen høyrde vi radiosendinga frå Oslo, fortel Korneliussen.

Då fekk dei reie på at Oslo, Bergen, Stavanger og Narvik var overtekne av tyskarane.

– 10. april låg ein av Fylkesbaatane sine rutebåtar til kai. Den skulle til Gudvangen med soldatar frå Florø og omland. Hans som var sjef, beordra alle soldatar under dekk, fortel Korneliussen.

Han følgde godt med på krigen, trass i at han var ganske ung.

– Eg fekk høyre mykje nyhende, mellom anna frå gode vener. Det var alltid nokon som hadde radio, og dei lytta på det som kom frå England, seier Korneliussen.

Dette spreidde dei så godt dei kunne, for å halde kvarandre oppdaterte.

Hugsar lærerinna sa at det var krig

Helge Johansen frå Tromsø var åtte år då krigen braut ut. Han set pris på å møtast for å markere 8. mai.

– På ein måte er det interessant å høyre kva andre har opplevd. Eg er jo frå Tromsø, og her møter eg mange frå Sogn og Fjordane. Det er kjekt å treffast, seier Johansen.

Også han har klare minne om dagen då krigen braut ut.

– Eg hugsar at lærarinna vår sa at det var krig i Norge. Vi fekk tyskarane til bygda, og vi hadde jo forskjellige opplevingar, seier Johansen.

Han minnest tyske soldatar som hadde springmarsj i bakkane, og dei som ikkje orka meir i varmen, segna om. Då fekk dei eit rapp med geværet av offiseren.

– Vi tykte jo synd i dei. Dei var ungdommar, og når vi såg dei fekk juling, så tykte vi jo synd i dei. Samtidig var vi engstelege, for vi høyrde kva dei vaksne fortalde om krigen, seier Johansen.

Han hugsar også korleis livet endra seg med tanke på mat. Skulle ein ha noko, måtte ein ha rasjoneringskort, og det var i grunn for lite av alt.

– Vi smakte brød laga av bark, og det var ikkje noko godt, seier Johansen.

Han hugsar også då Tirpiz vart torpedert.

– Då flya kom over oss så skaut dei ut i formasjon. Like etter såg vi røykdottar på himmelen, seier Johansen.


Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast