NRK Meny
Normal

Slik markerer munkane i Selje Jesu dåpsdag

19. januar markerte munkane i Selje Jesu dåp i Jordan ved å dykke etter kors.

Munkane i Selje gjennomføre sitt årlege sjøbad for å dykke etter heilage kors. Munkane, som er knytte til det gamle klosteret på øya Selja, starta med vinterbad i fjor, men tradisjonen er over 2000 år gamal.

For andre gong vart den viktige merkedagen i kristen tru markert av munkane som er knytt til det gamle klosteret på øya Selje.

– 19. januar er datoen for då Jesus vart døypt av Johannes i elva Jordan, seier munk Nidaros.

Etter den ortodokse tradisjonen blir det markert ved å dykke i vatn for å hente opp kors.

– Det er ei velsigning for alle som deltek, men særleg for den personen som først når korset, seier munk Nidaros

Munkane, som er knytte til det gamle klosteret på øya Selja, starta med «vinterbad» i fjor, men tradisjonen er over 2000 år gamal.

Munkane i Selje gjennomføre sitt årlege sjøbad for å dykke etter heilage kors. Munkane, som er knytte til det gamle klosteret på øya Selja, starta med vinterbad i fjor, men tradisjonen er over 2000 år gamal.

Mange besøkande

Klosteret i Selje vart etablert til ære for St. Sunniva. Den vakre kongsdottera som rømde frå Irland og til slutt hamna på øya Selja der ho døydde. Olav Tryggvason var den første som bygde kyrkje til minne om St. Sunniva.

Når Jesu dåp vert markert i Selje skjer det med gjester frå fjern og nær. Ortodokst kristne frå Russland, Hellas, Italia, Island og USA har funne vegen til Selje denne dagen.

Det har også abedisse Thavoria frå nonneklosteret i Norddal i Møre og Romsdal.

– Dette er ein av dei største fest- og heilagdagane i kyrkja. Vi feirar Kristi dåp og dagen då Gud openberra kven Kristus er, seier abedisse Thavoria.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.