– Det plar vere stor trafikk frå dag ein. Ein del utanlandske bilar har allereie hatt bomtur og måtte snu, så det skal bli veldig godt å få opna fjellet att, seier Sigurd Årskaug.
Femdobla førehandsbooking
I dag opnar både Sognefjellet og Gaularfjellet etter vinterstenging. Fjellovergangane vil den første tida likevel vere nattestengd frå klokka 20 til 08.
Mellom stengingane vil venteleg utkikspunktet Utsikten på Gaularfjellet lokke godt med reisande til den nasjonale turistvegen. Og godt med overnattingsgjester til Flatheim friluftsgard.
– I fjor hadde vi kring 600 gjestedøgn og gjester frå 39 nasjonar. Ut frå førehandsbestillingane ser det ut il å bli ein god sesong. Den er fem gonger så høg som på same tid i fjor, seier Årskaug.
Spesielt utlendingar
– Utviklar sesongen seg slik som førehandsbestillingane, så må vi hive oss rundt å få gjort noko, humrar Årskaug til og siktar til overnattingskapasiteten. Friluftsgarden har fem-seks romeiningar.
Opninga av Utsikten
.- Les også:
– Utsikten er veldig «hot» i utlandet. I fjor hadde vi mest norske gjester. I år har vi i tillegg veldig mykje utlendingar. Like etter Grüne Woche i vinter fekk vi fleire bestillingar frå Tyskland, seier Årskaug.
Ventar stor trafikk
Vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier at han siste vekene har fått telefonar med spørsmål om opning av nettopp Gaularfjellet og Sognefjellet.
– Hatt del spørsmål alt frå før påske frå folk som ville over eller opp i snøen på Sognefjellet. Vi har også fått telefonar frå dei som vil opp på Gaularfjellet, seier han.
– Ut frå førespurnaden siste vekene så vil det bli ein del trafikk over desse fjellovergangane, avsluttar Erikstad.