Hopp til innhold

Desse skal lokke folk til fylket

 

Anne von Oorschot

GRENSEBRYTAR: Anne von Oorschot er nøgd med responsen til den nye filmen.

Foto: Thomas Bickhardt

Unge, engasjerte yrkesfolk fortel om sitt liv og sin kvardag. Slik skal ein lokke fleire til fylket.

Framtidsfylket har i dag nettpremiere på filmen som skal vere med på å lokke folk til fylket. Den har blitt vist på karrieremessene i Trondheim, Oslo, Bergen og Sogndal.

No får resten av oss høve til å sjå den.

– Det er viktig å setje Sogn og Fjordane på kartet. For det er mange som ikkje er klar over kva moglegheiter som er her.

Det seier dagleg leiar Anne van Oorschot i Framtidsfylket.

  • Kva synes du om filmen som skal profilere fylket? Du kan seie di meining nederst i saka.

– Det overordna målet med filmen er å vise fram Sogn og Fjordane som ein stad der ein både kan ha ein god jobb og eit godt liv. I tillegg er det eit mål å inspirere folk til å finne ut meir om fylket.

Filmselskapet Pandora reiste i fjor rundt til ei rekkje stadar i fylket og intervjua unge folk om deira kvardag. Finn Tokvam er «programleiaren» som tek oss gjennom fylket.

Såg berre på publikum

– Korleis har filmen blitt motteken?

– Det var utruleg spennande å vise den fram for fyrste gong på karrieremessa i Trondheim 3. februar. Det var så kjekt å sjå responsen hjå dei som satt i salen.

– For eg såg ikkje på filmen, eg såg berre på publikum. Dei var så konsentrert på det som skjedde på skjermen. Og det var masse latter.

Prislapp: 900 000,-

Filmen kosta 900 000 kroner å lage. Då fekk ein samtidig ein kortversjon, ein engelsk versjon og åtte kortare snuttar som er meint som ei oppfølgjing til hovudfilmen.

Desse korte snuttane vil bli presenterte ein etter ein kvar fredag framover, på nettsidene til Framtidsfylket. Her vil ein bli betre kjent med dei som figurerer i hovudfilmen.

Saknar...

– Kor fornøgd er du med filmen?

– Eg er veldig fornøgd. Men det er eigentleg ikkje så veldig viktig kva eg synes. Det viktigaste er at folk i målgruppa likar den. Og utifrå responsen på messene, så ser det veldig bra ut.

– Det einaste som eg saknar er at det er så mykje meir vi gjerne skulle vist fram. For dette er berre ein liten smakebit av moglegheitene i dette fylket, ler Anne van Oorschot i Framtidsfylket.