– Strekninga vi held på med no utanfor Sande sentrum skal vere ferdig i slutten av september, og det ligg vi godt an til å greie, seier Jan Bjarne Thorsnes i Statens vegvesen.
Han er byggjeleiar for betringa av E39 i Gaular kommune. Dei har starta arbeidet utanfor Sande sentrum med bru over elva Gaula og rundkøyring som koplar saman E39, fylkesveg 60 til Dale og innkøyring til Sande sentrum.
Saman er dei dynamitt og steinmasse
Arbeidet med å betre E39 gjennom Gaular kommune er eigentleg to vegprosjekt slått saman til eitt: Dregebø-Grytås og Birkeland-Sande nord.
Prosjektet Dregebø-Grytås gjeld vegen som går frå kommunegrensa mellom Høyanger og Gaular i Ytredalen, og strekkjer seg 4,5 km opp mot nordenden av Økslandsvatnet. På denne strekninga skal det bli ein nesten 800 meter lang tunnel langs Økslandsvatnet. Sidan skal dei utbetre heile vegen langs Dregebøvatnet.
(Artikkelen held fram under bilete)
Prosjektet Birkeland-Sande nord er betring av vegen som går frå Birkeland og endar opp nord for Sande sentrum. Den er òg på omlag 4, 5 km.
– Vi har slått dei saman fordi vi får mykje steinmasse til overs av arbeidet med Dregebø-Grytås, og så vi manglar steinmasse til arbeidet med Birkeland-Sande Nord. Når vi slår dei to strekningane saman til eitt prosjekt og jobbar med dei samstundes, kan me nytte steinmassene betre der dei trengs, forklarar Thorsnes.
- LES OGSÅ: Store endringar for lita bygd
Veg for mjuke trafikantar og fleire bruer
I samband med betringa av vegen kjem det fleire nye bruer. Brua i sørenden på Dregebøvatnet skal bytast ut, og det kjem ei ny bru ved Økslandsvatnet. Løfalselva bru har dei byrja på. Brua over elva Gaula utanfor Sande sentrum er dei òg godt i gong med. Den skal vere ferdig i slutten av september.
Det kjem òg ei rundkøyring med avkøyring mot Sande frå E39 og undergang (kulvert) for fylkesveg 60 mot Dale.
Langs E39 ved Sande der den kryssar elva Gaula, blir det laga gang- og sykkelveg langs eksisterande E39 og over den nye brua. Dermed blir det ei rundløype for mjuke trafikantar rundt Sande sentrum.
- LES OGSÅ: Slik kan brua over Sognefjorden bli
Ei skeiv og svingete bru
Brua over Gaula (Sandefossen bru) står no på to bein og strekkjer seg mot elvebreddene. Der driv dei no med forskalingsarbeid, og planlegg å støype om ein månad. Brua blir 93 meter lang og har ein slak sving. Den har òg eit 8 % tverrfall. Det vil seie at den er over ein meter høgare på den eine sida.
-Når brua er skeiv, er det lettare å klare svingen, forklarar Thorsnes.
Arbeidet med rundkøyringa og brua over Gaula har entreprenøren Mesta gjort. Resten av arbeidet har vore ute på anbod, og fristen for å søkje om det var for ein månad sidan. Statens vegvesen har no bestemt seg for entreprenør, og skreiv kontrakt med den fredag 24. april.
- LES OGSÅ: Aksjonerte for E39-bru
Glad for snøfri vinter
– Vi har vore spesielt heldige med vêret i vinter. Det var jo ein eineståande mild vinter, og derfor gjekk det heilt knirkefritt med det vi gjorde då. Vi møtte på nokre utfordringar med grunnen langs Løfalselva der vi skal byggje bru, og må planleggje litt til før vi kan halde fram med arbeidet der. Elles har arbeidet gått greitt.
Heile strekninga skal vere ferdig sommaren 2016.
– Blir noko av vegen køyrbar i september då?
– Køyrbar blir den nok, men blir ikkje opna for trafikk før heile strekninga er ferdig. Du får ikkje køyre den nye brua over Gaula før sommaren 2016.