NRK Meny
Normal

Sende rockelegenda personleg e-post - no er han booka inn på festivalen

Bookingsjef Thomas Norheim Moen sende like godt ein e-post personleg til Derek William Dick, for mange betre kjend som artisten Fish. Dermed var den skotske rockelegenda med på Målrock 2014.

Fish

KJEM: Derek William Dick, med artistnamnet Fish, er klar for Målrock.

Foto: pressefoto

– Dette har vore ein draum lenge. Det har vore eit kraftig miljø av Fish-fans spesielt i Årdal, men også i Sogn då Marillion hadde si stordomstid, seier Moen.

Den 55 år gamle Fish er kanskje mest kjend som frontmannen i rockebandet Marillion, eit band som var på høgda på 1980-talet.

Tok tid å få avtalen i boks

Artisten sleppte si femtande studioplate i september 2013, og det var for Moen ein gyllen sjanse til å prøve å få artisten til Årdal.

– Eg skreiv ein e-post der eg fortalde om oss og festivalen, og at vi gjerne ville ha han hit, seier Moen.

Artisten svarte at det ville han gjerne, og vidaresende Moen sin e-post til manageren.

– Fish var på turné når dette skjedde, så det tok litt tid å få alt i boks, men no er det endeleg, seier Moen.

Han legg til at artisten neppe hadde teke turen til Årdal då han turnerte land og strand med Marillion på 80-talet.

– Det hadde nok ikkje skjedd, nei, seier Moen.

– Kor mykje har det kosta å få Fish til Årdal?

– Det har eg ikkje lov å svare på, seier Moen.

Satsar meir på dei unge

Men han fryktar ikkje at Målrock, som i år vert arrangert for 12. gong, har teke seg vatn over hovudet.

– Vi har gått stabilt bra. Vi hadde besøksrekord med 5.500 besøkjande i 2012. Vi hadde litt færre i fjor, men det meiner vi skuldast at programmet var litt for vakse. Det mangla litt for dei yngre, seier Moen.

Den feilen vil dei prøve å unngå i år.

– Vi jobbar medvite med det. Mellom anna er Gabrielle frå Bergen også booka inn, og det er vi godt nøgde med, seier Moen.

Totalt kjem det 12 eller 13 artistar til festivalen. Frå før er det klart at også Karpe Diem og Staut er klare.

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge, har forståing for at ein del av blodfansen til Marillion er godt nøgde med at Fish er booka inn på Målrock.

– Det er stort for ein smalare krins, trur eg vi må seie, seier Bugge.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.