Den amerikanske tradisjonen med halloween blir markert også i Noreg 31. oktober, sjølv mange mange nok nyttar både helga før og etter.
Siri Iversen i Siri's Soulfood er opphavleg frå USA, og har mange gode råd til korleis du kan gjere både banan, eple og paprika skummel.
– Ei heilt vanleg tomatsuppe frå pose kan gjerast meir skummel med å koke egg i for eksempel blåbærsaft. Etter ti minutt kakkar du i eggeskalet og legg det tilbake i vatnet. La egga ligge litt i vatnet før du reinskar av eggeskalet. Då får du eit fint spindelvev-egg til suppa, seier Iversen.
Eit enkelt eple kan også bli ganske frekt og ekkelt med litt kreativ kutting.
– Del eit eple i seks bitar med skalet på. Deretter skjer eg ut ein bit frå skalet som skal vere munn. Her fyller eg litt peanøttsmør, set inn mini-marshmallows eller mandlar. Over limer du bitar med nonstop eller marshmallows eller anna som fungerer som auge. I munnen kan du også skjere til eit jordbær i skiver som kan fungere som tunge.
Skal familien samlast er det ekstra fiffig å kunne servere ein hårete og småekkel paprika.
– Bruk gjerne ein oransje paprika som liknar eit graskar, skjer ut auge, nase og munn. Fyll han med kokt spagetti. Pass på at munnen er så stor at det kjem ut spagetti. Det er godt og fint å koke ein kjøttsaus som også blir helt over.
Når ungane står på døra på halloween er det kjekt å kunne gi godteri med ein personleg vri.
Spøkelseskjærlegheit
Du treng:
- Bruk papirlommetørkle, svart tråd, kjærlegheit på pinne og tusj.
Kle slikkepinnen med eit papirlommetørkle og knyt svart tråd rundt toppen. Så teiknar du store auge på lommetørkle og ein stor munn. Vips så har du eit spøkelse.
Edderkopp-kjærleik
Du treng:
- Kjærlegheit på pinne, fire svarte pipereinsarar og auge (kjøpt på hobbybutikk)
Surr ein og ein pipereinsar rundt pinne og form endane som lange bein. Til sist limer du auga på edderkoppen. Vips, så har du ein ekkel edderkopp.
Skummel pose
Du kan også ha popkorn eller ostepop i skummel popkorn.
Du treng:
- 1 l brødpose, sprittusj, popkorn/ostepop og svart tråd
Nedst på posen teiknar du eit skummelt fjes med trekantar og rundingar. Ein strekmunn med småstrekar over som liknar piggtråd. Fyll passe mengde popkorn eller ostepop i posen. Vips, du har skummelt porsjons-popkorn eller ostepop.
Skumle bananar
Ein annan enkel måte å lage skummel mat er å lage spøkelsesbananar:
Og til slutt: Hugs at dersom utelyset er av, ønskjer ikkje husstanden å ha besøk på halloween.