Hopp til innhold

Slik lagar du kveite til jul

Meisterkokk Steinar Lindstrøm viser korleis kveite frå Høyanger blir til eit velsmakande måltid.

Kokk Lindstrøm lagar kveitemiddag frå Sogn og Fjordane.

Hemmelegheita er å dampkoke filetane – og vere forsiktig med peparbøssa.

– Vi må ikkje drepe fiskesmaken, seier Lindstrøm, som hadde fått med seg handplukka råvarer frå Sogn Aqua, som driv med kveiteoppdrett i Slantveika, på sørsida av Sognefjorden i Høyanger.

Startar førebuingane tidleg

I dag inviterte NRK Sogn og Fjordane til gjestebod. Dei inviterte var tre personar som står bak dei lokale julehefta i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, i tillegg til ein av våre ivrigaste lyttarar, Marit Berthelsen Aase frå Bygstad i Gaular.

På kjøkkenet stod meisterkokk Steinar Lindstrøm for å lage til dagens middag til gjestane som hadde møtt fram i studio.

Medan han svinga kjelane på kjøkenet, fortalde gjestene om kva jula betyr for dei. Marit Berthelsen Aase seier juleførebuingane hennar byrjar tidleg.

– Det byrjar allereie om sommaren med å gå i fjellet og prøve å finne moltene vi skal ha til dessert på julaftan, seier ho.

I tillegg saltar ho saueribbene, som er fast tradisjon på både julaftan og nyttårsaftan, lagar sunnfjordlefser, julepølser og dei obligatoriske sju sortane.

Jula var betre før

Juleheftetradisjonen står framleis sterkt i Sogn og Fjordane, i alle dei tre fogderia.

Olaf Skjerdal, ansvarleg for Jol i Sogn, trur jula stod enno høgare i kurs før.

– No er det diverre vorte slik at vi har overflod heile tid, slik at dei store høgtidene med god mat, dei blir litt mindre verdt, seier han.

Han var med sendinga frå studio i Sogndal, difor fekk han ikkje smake på måltidet, som kokk Lindstrøm diska opp med.

Asbjørn Tyssen, som står bak Jul i Sunnfjord, har vakse opp med lutefisk på julaftan.

– Det var kokte poteter, kokte gulrøter og smelta smør. Akkurat den versjonen har eg ikkje noko spesielt godt forhold til. Og så er eg vossing, så fisk det var no ikkje førstevalet, seier Tyssen.

Fekk servert julekveite

Då vart Lindstrøm-varianten betre motteke. Kveita vart servert på ei seng av grønsaker og med ein nydeleg smørsaus. I videoen over, kan du få eit innblikk i korleis retten vart til.

– Den var himmelsk, er dommen frå lyttar Maria Berthelsen Aase.

Kokk Lindstrøm seier tida fisken vert dampa er avgjerande for at den skal bli saftig og god. I tillegg bør ein streve etter å finne den beste fisken som er å oppdrive.

– Det er det som bestemmer all mat, det er råstoffets kvalitet, seier Lindstrøm.