NRK Meny
Normal

Dette vil garantert imponere svigermor

Ein ny generasjon er i ferd med å oppdage gleda av å gje nesten evig liv til frukt og bær. Vi viser deg korleis du kan by på lekre, heimelaga godsaker utover vinteren.

Slik laget du hermetiserte epler.

HERMETISERTE EPLE: Byr du svigermor eller andre gjester på hermetiserte eple, er du nesten garantert skryt.

For mange er hermetisering barndomsminne på glas, og noko som ikkje alle styrer med i dag.

Medan det før ofte var besteforeldregenerasjonen som dreiv med det, er det no blitt svært populært blant dei som er ein del yngre.

– Eg har arrangert kurs i hermetisering i mange år, og vanlegvis har det vore eit problem å få nok deltakarar. Men i fjor så eksploderte interessa, og det same har skjedd i år, fortel Kari Støfringsdal frå Jølster.

Støfringsdal har gitt ut fleire kokebøker, og har gjennom eit langt yrkesliv vore oppteken av mat og mattradisjonar. Frå å ha problem med å fylle kursa sine, må ho no seie nei til mange som ynskjer å lære seg å hermetisere.

– Det er ganske unge folk som melder seg på kursa. Og for meg er folk unge til dei er langt over 40, legg Støfringsdal til og ler litt.

– Status å ha hausta og laga maten sjølv

Konservering av mat har alltid vore ei utfordring, og den franske kokken Nicolas Appert skreiv seg inn i historiebøkene med sin måte å hermetisere maten på heilt på slutten av 1700-talet.

Fleire hundre år etterpå trur Støfringsdal at det er fleire grunnar til at nye generasjonar no legg sin elsk på den gamle tradisjonen.

– Mange unge er opptekne av kva som er i maten. Det er også blitt populært å hauste av naturen.

At veldig mange no har råd til å kjøpe flott og eksklusiv mat i butikkane, kan også vere grunnen til at fleire vil hauste og lage til maten sjølv, meiner Støfringsdal.

– No er det status når du i eit selskap kan seie at du sjølv har plukka eller hausta maten, eller fiska eller jakta det som blir servert. Det er meir status enn å kjøpe maten i butikken, trur eg.

Hermetisering

GULL PÅ GLAS: Stadig fleire ynskjer å lære seg å hermetisere. NRK-reporter Stein Aase hadde med seg kokemor Kari Støfringsdal som fortalde om hermetisering på morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Slik gjer du det når du skal hermetisere

Og viss du vil imponere gjestane kan vi hjelpe deg. Desse enkle køyrereglane gjeld for hermetisering av både eple, plommer og pærer. I eksempelet under har Støfringsdal brukt eple.

Reine glas

  • Glasa og loka du skal bruke må vere heilt reine. Norgesglas er kjekke å bruke fordi dei har så stor hals, men du kan også bruke andre typar glas
  • Du må gjerne bruke gamle glas. Då er det best om du har vaska glasa, før du sette dei vekk
  • Når du tek reine glas fram att, skål glasa og loka i varmt vatn og legg dei på eit bakepapir i ei langpanne
  • Sett langpanna med glasa og loka i kald steikeomn, som du set på 100 grader. Då varmar du glasa saman med omnen, og glasa vil ikkje sprekke
  • Lat det stå slik i 10–15 minutt etter at omnen har gått opp til 100 grader
  • Når du skal ta ut glasa må du hugse å ta i dei med noko, og dette må vere reint. Til dømes eit reint kjøkkenhandkle
  • Brukar du norgesglas, varmar du opp gummiringane i kokande vatn. Tørk av ringane før du legg dei på glaset

Lag sukkerlake

  • Ved hermetisering er det ikkje sukkeret som konserverer. Men sukkeret lagar smak, så her må ein prøve seg fram etter kva ein sjølv likar
  • Støfringsdal sitt tips er å bruke mellom 300 og 400 gram sukker per liter med vatn til eple og pærer, medan det går med opp mot 600 gram per liter vatn til plommer
  • Det er fint å bruke heile krydder i sukkerlaken. Det kan vere heil kanel, stjerneanis og vaniljestong. Varier alt etter kva smak du vil ha

Del opp epla

  • Du kan dele opp epla i både to eller fire, eller du kan gjere som Støfringsdal og lage det ho kallar eplespiralar
  • Det viktige er at du blir kvitt kjernehusa
  • Skalet kan du velje om du vil skrelle vekk eller late vere på
  • Epla har lett for å bli brune, så etter kvart som du har delt dei opp legg du dei i kaldt vatn som du har teke litt 7 % eddik oppi

Legg epla i sukkerlaken

  • Det er viktig å ikkje legge epla i sukkerlaken etter kvart som du har delt dei opp. Epla treng lite koking, og om du legg dei oppi etter kvart vil dei første vere ihelkokte før dei siste er ferdige
  • Epla treng ikkje lang tid i sukkerlaken. Ifølgje Støfringsdal må epla gjennomvarmast for at dei skal stå seg

Fyll opp glasa

  • Når du skal fylle opp glasa med eple og sukkerlake må du vere nøye.
  • Har du laga til dømes heile spiraleple, må du passe på at du har eit stort nok glas
  • Epla/eplebitane kan vere vanskelege å få nedpå, så gjer det forsiktig
  • For å fylle på med sukkerlake er det veldig lurt å bruke ei syltetrakt
  • Det skal fyllast fullt opp med lake, men ikkje slik at det kjem opp på kanten
  • Sølar du på kanten, ta 7 % eddik på eit papir og tørk det vekk
  • For å unngå at epla blir brune tek du eit lite dryss med askorbinsyre på toppen, før du tek på gummiringen og lokket
  • Det er viktig at du passar på at glasa blir heilt tette, så kan du nyte hermetiserte eple utover vinteren
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.