Hopp til innhold

Slik lagar dei videoar som får eldre til å sykle kilometervis

FØRDE (NRK): Eldre og demente syklar kilometervis berre dei har rette videoen. I går var Roald Kleiveland på filmtokt i Sunnfjord.

Moti Tech lagar motivasjonsfilm

– Det var endeleg litt opplett så då tok vi turen til Førde og Naustdal og filma, seier utviklingssjef i Moti Tech Kleiveland.

Firmaet lagar videoar som ein rett og slett kan sykle etter. Mange eldre og demente kjem seg av naturlege årsakar ikkje så mykje ut på trimtur. Ergometersykkel er eit alternativ, men ofte manglar motivasjonen til å sitje å trø for seg sjølv.

Roald Kleiveland

KAN SYKLE OVERALT: - Når filmane er publiserte for kunden, hamnar dei i eit kartotek for alle. Slik kan til dømes ein bebuar på ein aldersheim i Kristiansand 'sykle' på vegane i Naustdal, seier utviklingssjef i Moti Tech, Roald Kleiveland.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Vi jobbar mykje med motivasjonsteknologi. Det har komme ein del forsking som syner at fysisk trening gir positiv effekt spesielt for demente. Men dei treng noko som triggar dei, og for mange fungerer dette, seier Kleiveland.

Gaular er ein av dei første kommunane i Sogn og Fjordane som har byrja å satse på meir teknologi innanfor helse- og omsorgstenestene. Der har fleire av bebuarane likt sykkelturane godt.

Filmar i sykkelfart

Selskapet lagar filmar på oppdrag frå kundar, i mange tilfelle pleie- og omsorgsheimar rundt om i både Norge, Sverige og Danmark.

– Vi hadde eit oppdrag på å lage ein film frå Førde sentrum og oppover mot Angedalen, samt to filmar i Naustdal, ein utover langs fjorden mot Vevring og ein oppover i dalen mot Espeland, seier Kleiveland.

Mange har lagt merke til at det har køyrt ein litt underleg utstyrt bil på vegane i Sunnfjord. For med tre kamera på panseret og to mikrofonar på taket, vert bilen lett eit blikkfang.

– Vi filmar i sykkelfart, 10 kilometer i timen. Det går ikkje så fort, og det tek litt tid. Og så må vi ta omsyn til trafikken i området. Men sidan vi køyrer så sakte, er det stort sett få problem, seier Kleiveland.

Litt spesiell

OPPSIKT: Med tre kamera på panseret og to mikrofonar på taket, vekkjer bilen oppsikt.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Vekkjer oppsikt

I går vart han stoppa av både unge og godt vaksne som lurte på kva han dreiv med.

– Nokon lurer jo på om det er Google som er på tur. Men imponerande nok var det mange som kjende til det vi driv med då eg fortalte. Det er artig, seier Kleiveland.

Mest artig var det då ein eldre kar kom bort og lurte på kva som skjedde.

– Etter at eg hadde forklart, lurte han på om vi hadde filma i Naustdal sentrum og eit par spesifikke gater. Eg måtte seie at det hadde vi ikkje, sidan vi ikkje hadde fått noko oppdrag der. Då sa mannen at vi burde filme litt likevel, for han kom til å hamne på aldersheim om ikkje så lenge, og då kunne han godt tenkt seg å sykle der, humrar Kleiveland.