Hopp til innhold

– Eg ville gje mannen min ei bryllupsgåve han aldri kom til å gløyme

Sandra Jeanett Østhus Pedersen gav bryllaupsgjestene bakoversveis og brudgommen eit godarta samanbrot då dei gifta seg i sommar.

Sandra-Jeanett og Stian Østhus Pedersen

KREATIV BRYLLUPSGÅVE: Då Sandra-Jeanett og Stian Østhus Pedersen skulle gifta seg i sommar, ville Sandra-Jeanett gje mannen sin noko heilt spesielt.

Foto: Privat

Det heile byrja tre månader før, med ei brure-kvit løgn og ein snedig dekkoperasjon. Ho måtte snike seg ut for å få ordna gåva, alibiet ho fann på var bingo med mora.

Og bingo vart det på sett og vis òg.

Romantisk idé

– Det var ein del som grein. Dei såg på videoen, og såg bort på meg. Var veldig overraska. Det var nok ingen som venta at noko sånt kom til å skje, smiler Sandra-Jeanett lurt.

Framfor alle gjestene i bryllaupet, gav ho mannen sin Stian Østhus Pedersen den svært personlege gåva.

– På førehand hadde eg jo håpa på ein reaksjon, men eg hadde aldri trudd eg skulle få den reaksjonen! seier ho med eit nøgd glis.

Tårene kom. Han var slett ikkje førebudd, og kjenslene tok aldeles overhand for Stian, då han såg resultatet av kona sin romantiske idé

– Ein får uttrykkja veldig mykje gjennom musikk

Sandra-Jeanett Østhus Pedersen

– Me hadde jo avtalt at me ikkje skulle gje noko til kvarandre! utbryt han forklarande.

Vart heilt sett ut

Stian og Sandra-Jeanett Østhus Pedersen.

VART OVERRASKA: Stian visste at kona hans likte å syngja, men bryllupsgåva kom overraskande.

Foto: Privat

Det brydde slett ikkje brura seg om.

– Det var nærmast ubeskriveleg! Først vart eg lamslått, når eg såg at ho hadde spelt inn den songen.

Den ferske kona hans hadde vore i studio og spelt inn ein omskriven versjon av Brad Paisley`s song «She`s everything». Songen «He`s everything», som er laga om ektemannen, ungane og livet deira i lag.

I tillegg til songen hadde ho laga ein musikkvideo med bilete frå innspelinga, og klipp av dei to og ungane.

Først når han fekk summa seg litt og høyrde etter på teksten gjekk det opp for han kva dette var.

– Eg fekk så bakoversveis at eg ikkje merka det. Så knakk eg vel bokstaveleg talt saman då eg oppdaga at «oi denne songen handlar jo om meg!». Det var ikkje originalsongen! Det var tøft, men steike kor vakkert.

Populært med personleg musikk

– Pågangen i studio har vore ganske stor – bortimot formidabel vil eg seie. I alle fall enkelte deler av året, seier produsent Lars Goberg.

Personleg musikk spelt inn med profesjonelt utstyr i studio er ei populær gåve meiner Goberg, som har drive musikkstudio i mange år. Han driv ikkje eige studio lenger, men er framleis i bransjen, og seier at populariteten har vore stabil over lang tid.

– Det er alle slags folk som tek kontakt. Alt frå utdrikkingslag til firma som skal arrangere forskjellige ting. Ein gong var eg med ein heil familie og laga ei juleplate som dei skulle gje vekk til familie og vener i julegåve.

Ofte kjem folk i grupper, men enkelte kjem også aleine, slik som Sandra-Jeanett gjorde, forklarer han.

– Då går det gjerne meir på å lage eit kvalitetsprodukt som dei skal gje vekk til nokon som betyr noko spesielt for dei. Mange har stor suksess med dette, seier Goberg.

Går litt djupare

Og det hadde Sandra Jeanett. Forutan reaksjonen frå mann og bryllaupsgjester, så har nærare 2500 personar sett kjærleikserklæringa hennar på Youtube. Det synst Sandra-Jeanett er ganske stilig.

Gjennom songen fekk ho fortalt mannen i sitt liv, og veldig mange andre, kva han betyr for henne.

–Ein får uttrykkja veldig mykje gjennom musikk. Det merkar eg i alle fall eg fekk gjere. Eg føler at eg fekk seie mykje meir gjennom den songen enn kva eg får sagt med berre ord.

– Det går liksom litt djupare enn å berre seie «eg elskar deg».