Hopp til innhold

Slik ladar Sogndal opp til sesongen

Håvard Flo arbeider intensivt med å spikre oppkøyringa og spelarlogistikken fram mot neste sesong.

Rune Bolseth på trening i Sogndal

Sogndal-spelarane har ferie no, men i januar startar dei å trene igjen. Då blir det òg treningskampar og treningsleir.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Håvard Flo

SPORTSLEG LEIAR: Håvard Flo seier at dei vil prøve å erstatta Rune Bolseth og Hannu Patronen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– For alle som er involvert i fotball, er det nesten eit heilt år utan stopp. Det går fortløpande med arbeidsoppgåver som må gjerast, fortel Håvard Flo.

Han er sportsleg leiar i Sogndal Fotball, og medan spelarane har ein etterlengta ferie, arbeider han for å legge alt til rette inn mot den komande sesongen.

Blant anna er nesten alle treningskampane til laget før sesongen 2017 klare, og dei har bestilt billettar til treningsleirar på Gran Canaria og Marbella.

Rekordlangt opphald

– Vi balanserer mellom lokale lag, litt motstand frå 1. divisjon og eliteseriemotstand. Vi er godt fornøgde med slik det ser ut no, sjølv om det framleis er eit par kampar som skal setjast, fortel Flo om opplegget.

Det er eit rekordlangt opphald mellom sesongane denne gongen. Serien blei avslutta tidleg 6. november og startar ikkje igjen før 1. april. Men Flo meiner ikkje at den uvanleg lange pausen skaper nokon ekstra utfordringar.

– Vi har erfaring med det, og ser ikkje på det som eit problem. Vi får bruke tre månadar til å førebu oss, trene godt og få terpa på ting, seier han.

Vil erstatte Bolseth og Patronen

Hannu Patronen

BORTE: Hannu Patronen har reist tilbake til Finland og skal erstattast.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Eit anna aspekt Flo må tenkje på, er spelarlogistikken framfor den nye sesongen. Så langt har Sogndal henta angrepsspelaren Bendik Bye, og det er venta fleire nye ansikt på Fosshaugane Campus før ballen byrjar å rulle igjen i april.

Flo vil ikkje avsløre kven som kan vere aktuell for klubben, men seier at dei må erstatte dei som dreg.

– Det er nokre posisjonar vi ser på med eit litt sterkare auge. Både Hannu Patronen og Rune Bolseth drog, så då er det naturleg å sjå litt ekstra på dei posisjonane, meiner han.

Den sportslege leiaren er derimot godt fornøgd med dei som allereie er i klubben.

– Vi har ein veldig god grunnstamme med ei blanding av ungt og gammalt, så får vi sjå korleis det ser ut før 2017-sesongen, avsluttar han.